Hopp til innhold

Mann død etter slagsmål - to sikta

To personar er sikta etter at ein 48 år gammal mann døydde etter eit slagsmål i Hafslo i Sogn natt til 2. mai.

Hafslo pub og pizzeria

Etter slagsmålet segna 48-åringen om utanfor Hafslo pub og pizzeria.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Det var i to-tida på natta den 2. mai at 48-åringen hamna i eit basketak med to andre menn. Episoden skjedde like utanfor Hafslo pub og pizzeria. Gjester på utestaden greip inn og fekk stoppa slåstkampen. Like etter segna 48-åringen om. Ambulansepersonell kom til staden, men livet stod ikkje til å redde.

Sikta for lekamsfornærming

Lensmann i Luster, Asle Karoliussen, fortel at to menn er sikta for lekamsfornærming.

- 48-åringen segna om like etter at ein slåstliknande situasjon med to andre menn var over.

-Så de ser ein samanheng mellom slagsmålet og dødsfallet?

-Vi etterforskar forholdet som eit mistenkjeleg dødsfall og ønskjer å få mest mogeleg informasjon om konflikten som var i forkant av dødsfallet. På laurdag ettermiddag pågreip vi to personar i samband med slåstinga utanfor puben. Begge er sikta for lekamsfornærming. I tillegg har vi avhøyrt 17 vitne, seier Karoliussen.

Hjartestans

Lensmannen fortel vidare at 48-åringen truleg døydde av hjartestans.

-Den førebelse obduksjonsrapporten tyder på at mannen døydde av hjartestans. Om slåstkampen i forkant har hatt innverknad for hjartestansen, håper vi å finne ut av gjennom vidare etterforsking og den endelege obduksjonsrapporten, seier Karoliussen. Dei to sikta mennene er 18 og 29 år gamle.