Hopp til innhold

Prioriterer ikkje tjuvjakta

Politiet kjem neppe til å gjere så veldig mykje for å ta dei som har skote hjort ulovleg i ytre Sunnfjord.

Hjort skoten av tjuvjegerar

Denne hjorten vart funnen mellom Haukå og Magnhildskaret i Flora kommune.

Foto: Åge Tansøy

Politistasjonssjef Nils Erik Eggen seier dette er mellom dei lovbrota som ikkje når heilt opp når dei skal prioritere kva dei skal bruke ressursane sine på.

- Vi treng noko meir konkret å gå etter dersom vi skal sette i gang etterforsking, seier han.

To tilfelle i Flora

Politiet har fått inn melding om to tilfelle i Flora kommune, det eine mellom Haukå og Magnhildskaret, det andre i området Stavang-Eikefjord. I det eine tilfellet var hjorten slakta, i det andre tilfellet var dyret ikkje slakta.

Mistenkeleg bil

Når det gjeld tilfellet i området Stavang-Eikefjord har politiet fått melding om ein parkert bil som meldaren meiner kan knytast til tjuvjakta, men ifylgje Eggen er det ikkje anna haldepunkt enn at det er ein bil som ikkje høyrer heime i området.

Truleg langt fleire dyr

Politistasjonssjef Nils Erik Eggen ser ikkje bort frå at det kan dreie seg om langt fleire dyr som er skotne.

- Det er truleg mykje som ikkje blir rapportert.

Tre tilfelle i Bremanger

Også i Bremanger har det vore tilfelle av tjuvjakt. Åge Tansøy er med i ettersøksringen i kommunen, og han veit sikkert at tre hjortar er skotne. Han er sjokkert over den ulovlege skytinga, og han er redd for at det kan vere endå fleire.

- Horribelt

- Dette er dyr eg har sett frå bilen når eg har køyrt forbi. Eg trur ikkje tjuvjegarane berre opererer i ein kommune når dei først driv med slikt. Dette er horribelt, seier han.