Hopp til innhold

Ulovleg å snuse på vidaregåande

Om kreftforeininga får det som dei vil.

Snus

Kreftforeininga meiner fylkespolitikarane bør gjere vedtak som gjev forbod mot snus i skuletida i den vidaregåande skulen.

Foto: Poppe, Cornelius / SCANPIX

- Fylkespolitikarane bør gjere vedtak om forbod mot røyking og snusing i heile skuletida på vidaregåande skular, seier rådgjevar i Kreftforeininga An-Magritt Lindtner.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Ønskjer politisk vedtak

Kreftforeininga har som mål at alle fylka i landet skal gjere eit politisk vedtak som forbyr røyking og snusing i heile skuletida.

Frå før er det fleire stader i landet gjort vedtak om å forby røyking i skulegarden, men om elevane går utanfor skulen sitt område er det fritt fram.


- Det er ein skummel utvikling i bruken av snus, og trenden skyt rett til i taket, seier Lindtner.

Vil ha snusen i fred

- Eg synest forslaget er idiotisk. Om du røyker kan du jo gå vekk, og då plagar du ingen. Men snus kan ikkje plage nokon i det heile, seier ein elev på ein vidaregåande skule.

Han snusar og er førsteklassing. Men om Kreftforeininga får det som dei vil kan ikkje han lenger ta seg ein snus når han vil.

- Den viktigste grunnen er å forhindre at vgs er ein rekrutteringsareana, det andre er trenden innenfor tobakk er at snusing er på full fart framover, her må vi vere føre var, seier rådgjevaren.

Jenter heng seg på

Ungdom

Det kan bli slutt på snusing på dei vidaregåande skulane om Kreftforeininga får det som dei vil.

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

Tal i frå Sosial og Helsedirektoratet syner at tre gonger så mange menn mellom 16 og 44 år snusa i 2006 enn i 1985.

I dag er det også ei auke i talet på jenter som snusar. Lindtner trur mange unge ikkje er klar over skadeverknadane.

- Svært mange ungdom veit svært lite om snus og dens skadeverkandar. Det er meir nikotin i snus, og dei som brukar det vert meir fysisk avghengig. Og det er kreftframkallande. Internasjonal forsking syner at ein kan få bukspyttkjertelkreft og eterøyrkreft av å snuse, poengterer Lindtner.

Heng ikkje etter

Som eitt av tre fylker har ikkje Sogn og Fjordane gjort politiske vedtak om forbod mot røyking i skulegarden.

Men folkehelsekoordinator i fylkeskommunen, Emma Bjørnsen seier det ikkje betyr at Sogn og Fjordane er dårleg på dette arbeidet.

- Vi veit jo at dei fylka som har gjort politisk vedtak slit med gjennomføringa av det. I fylket er 8-9 av 13 skular røykfrie, seier Bjørnsen.

I følgje Kreftforeinga syner ei undersøking at 8 av 10 rektorar synst det ville vore lettare å innføre totalforbod om fylkespolitikarane fatter eit politisk vedtak om det.

Politisk spørsmål


Og Bjørnsen seier det er fleire grunnar til at saka no vil bli tatt opp på nytt i Sogn og Fjordane.

- Vi veit jo òg om at det er mange som byrjar å røyke på dei vidaregåande skulane. Det er ein rekrutteringsarena. Så det kan godt hende tidspunktet no er modent for å ta teamet opp att, men det er eit politisk spørsmål, seier Bjørnsen.