Hopp til innhold

Avfallsverksemd med 35 lovbrot

Verksemder som handterer farleg avfall her i landet bryt stadig forureiningslova.

Wergeland Halsvik i Sløvåg.
Foto: Ottar Starheim / NRK

Wergeland Halsvik i Gulen er ein av landets største innan avfallshandtering og har sidan 1994 åleine fått 35 pålegg om avvik som må utbetrast.

- Urovekkande

Verksemda er nabo til tankanlegget som eksploderte i Gulen, og SFT bekreftar at urovekkande mange inspeksjonar avdekkar slurv.

Seksjonssjef Bjørn Bjørnstad i SFT

- Dette er alvorleg, seier seksjonssjef for industri og off-shore i SFT, Bjørn Bjørnstad.

14 brot på ein inspeksjon

Han viser fram bilete og tilsynsrapportar frå kontrollar ved avfallsverksemda Wergeland Halsvik AS i Gulen i Sogn og Fjordane.

- Her var det 14 brot på regelverket berre på ein inspeksjon.

Nabo til eksplosjonstankane

Verksemda som mellom anna handterer lågradiaoktivt avfall og spesialavfall frå oljeindustrien er nabo til oljetankane som ekspolderte i Sløvåg for to år sidan. Sidan avfallsverksemda starta i 1994 har Statens Forureiningstilsyn på inspeksjonar funne 35 tilhøve som bryt med forureiningslova.

- Ekstra alvorleg

- Wergeland Halsvik er ei av dei største verksemdene innan avfallshandtering i Norge. Det er grunn til å vente at dei kan gjere det bra, og difor er det ekstra alvorleg at dei er så dårlege som dei er.

- Det dreier seg mellom anna om handtering av farleg avfall, der vi ser at avfallet ikkje er merka skikkeleg, ikkje er lagra skikkeleg og at dei har teke imot meir avfall enn dei har lov til.

- For dårleg risikovurdering

- Vidare er dei for dårlege på den førebyggande tenkinga, for dårlege på riskikovurdering, og for dårlege på vedlikehald, og målinga av det utsleppet dei har lov til å ha er for dårleg

Bjørnstad seier SFT ved eitt tilfelle fann forhold som var så alvorlege at dei vart politimelde, men saka vart lagd bort av Økokrim.

- Betre på to felt

-Men vi ser at Wergeland Halsvik er blitt betre på eit par felt. Det dreier seg om vassreinsing, og dei har fått eit nytt forbrenningsanlegg som er blitt betre. Samstundes er det andre delar av verksemda som ikkje er blitt betre, seier Bjørn Bjørnstad.

Fleire har svin på skogen

Også fleire andre avfallsverksemder her i landet slurvar og held seg ikkje til regelverket, seier Bjørnstad.

- I fjor var det ved fire av anlegga vi kontrollerte så dårleg at vi køyrde ein ny kontroll eit halvt år etterpå. Wergeland Halsvik var eitt av desse anlegga.

- Mulkt ikkje godt nok

Wergeland Halsvik AS har berre dei siste fire åra gått med over 67 millionar kroner i overskot. Når dei same verksemdene gong på gong bryt forureiningslova er ikkje tvangsmulkt og politimelding godt nok som ris bak spegelen, meiner leiar Kurt Oddekalv i Norges Miljøvernforbund.

- Om dei får ei bot på 500.000 for noko dei har tent 20 millionar på, så betyr det ingenting. Fengsling blir brukt alt for lite.

- Viktig industri

Trude Brosvik
Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Men trass i Vest Tank-eksplosjonen i 2007, og at naboverksemda som også handterer farleg avfall stadig får pålegg om å gjere utbedringar ved anlegget, meiner ordførar Trude Brosvik i Gulen det er viktig for kommunen å halde fram med denne typen industri.

- Vi kan ikkje gjere ting i Norge der vi ikkje kan ta ansvar for å rydde opp att i avfallsprodukta, og slik sett er det ein viktig industri som føregår i Sløvåg. Men eg ventar at dei held seg til utsleppsløyva som gjeld.

- Så dette bekymrar deg ikkje som ordførar?

- All negativ merksemd kring Sløvåg og Gulen bekymrar meg, og industrien har eit heilt klart ansvar for å passe på at ryktet til Sløvåg blir betre.

Men SFT er framleis ikkje nøgd med forholda ved Wegleland Halsvik og fryktar at fjorden og naturen rundt skal bli skada av utslepp. Vert ikkje tankanlegget utbetra innan første juli ventar det tvangsmulkt.

- Ikkje fokus på førebygging

- Dei har for lite fokus på den førebyggande tenkinga, dei har fokus andre stader, og så droppar dei vedlikehaldet. Dermed blir tankkvaliteten for dårleg, i november var den så dårleg at SFT og Direktoratet for Samfunnstryggleik og Beredskap- DSB - måtte gje dei eit halvt år på å kome med tilstandsvvurdering på alle tankane. Gjer dei ikkje det må dei betale ein halv million kroner, seier Bjørn Bjørnstad i SFT.

Og sjølv om Wergaland Halsvik gong har fått pålegg om forhold som må utbetrast så er det stadig nye ting som ikkje er i orden. Seinast i fjor vår fann SFT alvorleg manglar ved tankanlegga.