Hopp til innhold

Uroa over avfallsbrenninga

- Det er uklart om arbeidarane har fått god nok oppfølging og opplysning om kva farleg avfall dei har brent ved Wergeland-Halsvik i Gulen.

Grov aske fra brenning av strålefarlig avfall i Gulen

Grov aske fra brenning av strålefarlig avfall i Gulen.

Foto: Institutt for energiteknikk

Det seier Nils Bøhmer som er atomfysikar i Bellona.

Avfall frå oljeindustrien som blir sett på som radioaktivt og farlig i utlandet, har blitt brent i Gulen. . Bøhmer er uroa over måten tønner med avfall i Sløvåg er blitt handtert på.

- Eg tykkjer ikkje at dette virkar særleg betryggande. På den dokumentasjonen eg har sett er det tydeleg at ein ikkje har god nok kontroll på til dømes radioaktivet i tønnene og heller ikkje god nok kontroll på aska etter brenninga. Det virker heller ikkje som om arbeidarane har fått god nok informasjon og naudsynt opplæring til å handtere denne typen avfall.

- Veit du korleis dette er mogeleg?

- Nei, det er veldig rart at verken Institutt for energiteknikk som har vore inne som strålevernskompetanse, og heller ikkje Statens strålevern har følgt dette godt nok opp.

- Har aska vore meir radioaktiv enn det grensa for stoffet på 10 becquerel tillet?

- Det kan virke som om det ikkje har vore kontroll på kor mange tønner som er brende om gongen. Det har heller ikkje vore god nok kontroll på aska. Det kan vere uklart om arbeidarane har fått god nok oppfølging og god nok tryggleik for at dei ikkje har pusta inn radioaktivtet her.

Sjå programmet "Ville vesten" i Brennpunkt på NRK1 i kveld kl. 21.30.