Hopp til innhold

Smertefull piggsvin-kjærleik

Sjå piggsvina si smertefulle kjærleiksakt. Filma i ein hage på Leikanger.

Video nsps_upload_2009_5_26_14_59_21_1527.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Foto/redigering: Arne Monrad Johnsen

- Både folk og bilar køyrde forbi, men dei dreiv på som om dei var heilt åleine. Det var heftig, ler hobbyfotograf Arne Monrad Johnsen frå Leikanger.

Sjeldant opptak

I hagen sin seint på kvelden 22. mai oppdaga han eit piggsvinpar som for alvor var i ferd med å finne kvarandre. Johnsen henta kameraet sitt og filma til bandet var slutt, altså over ein time.

- Dette er faktisk veldig sjeldan. Dei aller fleste piggsvin-parringsleikar endar ikkje i paring. Eg har faktisk ikkje sett det sjølv. Eg har sett paringsleik mange gonger, men ikkje sjølve akta. Så det er kjempegøy dersom nokon har greidd å filme det, seier zoolog Beate Strøm Johansen.

For eit utrena auge er det vanskeleg å sjå om akta blir fullført, men Johnsen trur det var fullbyrda kjærleik han var vitne til.

- Det var mange forsøk som ikkje blei til noko, men det kan sjå ut som om det skjedde til slutt. Men det må nesten ekspertane ta stilling til, seier Johnsen.

Godt utstyrt

Paret på videoen brukar lang tid på å nærme seg kvarandre. Hannen går mange rundar rundt den utkåra før han til slutt får klatra opp på ryggen hennar. Det som så skjer ser smertefullt ut for begge dei involverte.

- Det kan hende det er vondt. Piggsvinet er det pattedyret i verda som har størst kjønnsorgan i forhold til storleiken på kroppen, så det kan godt hende det er ubehageleg for hoa, seier Strøm Johansen.

- Men med tanke på alle piggane er det vel ein fordel om det er litt lengd på æhh… Ting?

- Teorien er at hannen har så stor penis fordi det er så vanskeleg å kome til. For det er jo vondt for han.

- Fekk ein del stikk

- Ho strittar med piggane og det ser ikkje godt ut for han heller?

- Eg vil tippa han får seg ein del stikk og blør litt. Kanskje det er smertefullt for begge, seier Strøm Johansen.

Arne Monrad Johnsen seier han har piggsvin i hagen støtt, men har aldri sett dei på denne måten.

- Det var seint, eg var svolten trøytt og lei - men dette måtte eg berre få med meg.