Hopp til innhold

- Minus 1,6 million i alkoholsalet

Geir Oldeide ber om forklaring på kvifor det kan mangle 1,6 millionar av inntektene etter alkoholsalet på Tall Ships Races.

Tall Ships Races

Då Oldeide frå partiet Raudt fekk rekneskapen etter seglskutefestivalen vart han sjokkert, skriv fjt.no .

Geir Oldeide

Geir Oldeide

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

- Manglande inntekter

Oldeiede har studert rekneskapen, og er overraska og sjokkert. I ein e-post til Vågsøy kommune etterlyser manglande inntekter etter alkohoomsetnaden under Tall Ships Races.

Avisa skriv at Oldeide har rådført seg med fleire folk i serveringsbransjen, og er vorten meir uroleg enn det han i utgangspunktet var.

Har rekna og rekna...

Langbord på Captains´ Dinner på Selje

Langbord på Captains´ Dinner på Selje vart ei uforgløymeleg oppleving på fleire måtar. Minustala etter festen må sparast inn.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Etter nitid rekning har Oldeide kome fram til at det manglar pengar.

Han er blitt fortalt at han skal kunne rekne inntekter av alkohol ved å bruke ein faktor på 3,2 gonger innkjøpsprisen.

Og der vert det heile vanskeleg.

Kommunestyremøte i Vågsøy

Kommunestyremøte i Vågsøy i ivrig diskusjon.

Foto: MMS- Harald Kolseth / NRK

For Oldeide viser til at det vart kjøpt inn 17. 420 liter øl for til saman 620. 766 kroner. Det skulle, om ein gongar innkjøpspris med 3,2, bli ein samla sum på 1.986. 451 kroner.

Store sprik

Men dette stemmer ikkje overeins med det kommunen har rekna seg fram til. Dte bokførte talet er 1.015.848 kroner.

Skiljet mellom Oldeide sitt rekneskap og kommunen sitt er på heile 970. 603 kroner, skriv avisa.

Tall Ships Races 2008

Stor glede på seglskutefestivalen i Måløy i fjor sommar. Men gleda er bytta ut med sparetiltak og kutforslag i kommunen.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Men det stoppar ikkje der. Oldeide har tasta vidare på salet av vin og brennevin, og talet på kalkulatoren hans syner at det samla er ein manko i innteker her på 470 684 kroner for vin, og 191.588 kroner for brennevin.

Slik kjem han fram til minus i rekneskapen på over 1,6 millionar kroner. No vil han ha ei forklaring på korleis dette heng saman.

- Han har lese feil

Rådmann i kommunen Ørjan Raknes Forthun meiner Oldeide må ha lese tala feil.

Formannskapet i Vågsøy får lagt fram rapporten etter Tall Ships Races.

Formannskapet i Vågsøy har mykje å henge fingrane i etter seglskutefestivalen.

Foto: MMS- Asgeir Reksnes / NRK

- Dette med alkohol er noko vi verkeleg tek på alvor, og som vi vil sjekke grundig, seier Raknes Forthun.

Oldeide meiner det er viktig at alle tal og opplysningar kjem på bordet.

- Vi i kommunestyret kan ikkje basere oss på rykter, difor må vi få vite, seier han.

Captains´ Dinner på Selje under Tall Ships`Races

Det var ikkje spart på noko på Captains´ Dinner på Selje.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK