Vi har laga eit biletgalleri av innsendte bilete av ferjer og båtar som har trafikkert farvatna og frakta passasjerar i fylket.
- LES OGSÅ:
Populær hobby
Ole Daviknes Knutsen frå Selje har teke mange tusen bilete av båtar. Han seier at dette er ein populær hobby.
- Eg veit om mange som har bilete liggjande. Det er ein stor tilhengerskare av nostalgikarar.
Reiste for å sjå på båtane
Interesse hans starta då han som gut budde i Bergen.
- Då vi vart gamle nok, reiste vi til byen for å sjå på båtane. Til konfirmasjonen fekk eg eit kamera, og då byrja eg å fotografere det som var av båtar.
I 1979 byrja han i Fylkebaatane som kokk på gamle "Kommandøren" som gjekk i rute frå Bergen til Sogn. Då var han 16 år gammal.
Mange hundre bilete i veka
Frå midten av 80-talet og fram til 2000 tok han ikkje så mykje bilete, men etter det tok han opp att den gamle hobbyen.
- Eg fekk meg digitalkamera og byrja å skanna inn gamle biltete. Eg har også lagt ut mange av dei på Internett. Så du kan seie at interesse tok seg opp att med den digitale verda.
Knutsen jobbar framleis som kokk på "Kommandøren" som i dag går på ruta Selje - Bergen. Han seier at han kjenner mange som er svært ferje- og båtinteresserte. Når han legg ut gamle og nye bilete på nettsida si, får han mange tilbakemeldingar.
- Eg tek gjerne eit par hundre bilete den veka eg er på jobb. Då fotografere eg stort sett alt av båtar.