Hopp til innhold

Vil plante skog for å berge klima

Regjeringa ønskjer å plante store areal med skog som eit ledd i klimasatsinga.

No lauvast det i li
Foto: Bård Østerbø

Målet er at skogsressursane skal bli eit større verkemiddel i klimapolitikken.

Hans Lauvstad, seniorrådgjevar hos fylkesmannen meiner Sogn og Fjordane har mykje areal som kan nyttast til skogplanting.

-Berre i vårt fylke har vi mykje skogsmark der ein kunne auke produksjonen vesentleg ved skifte frå lauv og furu til for eksempel gran.

Bidreg positivt i klimarekneskapen

Landbruket er i dag den einaste sektoren som bidreg positivt til klimarekneskapet, då landbruket bind 16 millionar meir tonn CO2 enn kva det slepp ut.

- Og så har vi gjenngroingsareala. Alle snakkar stygt om gjenngroinga, men ein kan prøve å ta ein positiv vri på den, meiner Lauavstad. -Javel, det gror igjen la oss like godt bruke nokre treslag som gjer ein skikkeleg klimajobb ved å ta co2 ut frå lufta å binde det i trevirke.

Kan plante ut 300.000 dekar meir i fylket


Lauvstad meiner det vil vere mogleg å plante 200.000 - 300.000 dekar meir skog i Sogn og Fjordane, men han er ikkje sikker på om skogplanting er eit klimatiltak som vert godt motteke av bøndene.

- Ikkje utan vidare. Det er heilt klart at det må verkemidlar til. Skal dette få noko omfang så må det føre med seg stimulanser og stimuli meiner Lauvstad. - Ein kunne for eksempel få betalt for co2 som blir bunden i form av tilvekst i skog, det trur eg heilt sikkert vil virke.

Opnar for ny tilskotsordning


I stortingsmeldinga om klimautfordringane og landbruket tek regjeringa til orde for å plante meir skog. Ivar Ekanger, avdelingsdirektør i skog- og ressurspolitisk avdeling i Landbruksdepartementet, er einig i at det kan vere aktuelt med ei ny tilskotsordning.

- Det er klart det ligg i korta med dei analysane som ligg i den nye stortingsmeldinga at ein på nytt må sjå på; har vi dei rette verkemidla for å få resultata vi vil ha?