Hopp til innhold

Dørseljar angreip huseigar

Aggressive, utanlandske dørseljarar oppsøker avsidesliggande hus.

- Faktisk vart ein huseigar i Bremanger angripen av ein av desse dørseljarane. Det vart eit lite basketak og då rømde seljaren frå staden, seier Stig Inge Hauge ved politiet sin operasjonssentral i Sogn og Fjordane.

Politiet har i løpet av helga fått telefonar frå fleire huseigarar frå fleire stader i fylket som har kjent seg truga av pågåande dørseljarar.

- Dei er aggressive

- Desse dørseljarane har vist ein viss aggressivitet slik at huseigarane har følt seg ukomfortable med situasjonen, seier Hauge.

Fredag vart sju personar utvist frå Førde kommune. Dei sju har prøvd å selje det dei seier er gullringar. I tillegg har dei gjort forsøk på å stogge bilar langs vegen. Lensmannsbetjent i Førde, Gunnar Englund, sa før helga at oppførselen frå seljarane har forandra seg noko frå tidlegare år.

- At det kjem utlendingar med både ærlege og uærlege hensikter er vel vår- og sommarteikn. Men at dei er så aggressive er noko nytt.

- Meld frå til politiet

Hauge ved operasjonssentralen oppmodar no folk til å melde frå til politiet dersom dei opplever for pågåande seljarar. Sjølv om det ikkje er forbode å selje varer på døra.

- Det er ein viss likskap mellom desse sakene. Det er viktig at det er viktig at vi får opplysningar om kvar det skjer. Det viser seg at det skjer på veldig avsidesliggjande plassar, så det er viktig at dei som blir oppsøkt får med seg litt om korleis folka ser ut og kva bil dei køyrer. Slik at vi veit kva vi skal sjå etter når vi først tek turen, seier Hauge.