Hopp til innhold

Dansa seg inn i countrynatta

Det vart trongt om plassen på countryfestivalen på Breim i helga.

Countryfestival på Breim
Foto: Runa Victoria Engen/NRK

Dansegolvet vart fort fullt av cowboyar med følgje som nok hadde lege i hardtrening for å syne fram linedance.

Sjå bileta frå festen på Breim her

Countryfestival på Breim
Foto: Runa Victoria Engen/NRK

For 15.gong

I år vert Norsk Country Treff arrangert for 15 gongen. Det første året var det omlag 2000 innom dørene til festivalen. Men i 2008 vart det sett ny publikumsrekord med 13 000 personar.

Countryfestival på Breim

Det er plass til kjærleik mellom dansestega, her er to som har funne kvarandre

Foto: Runa Victoria Engen/NRK

I år er det 17 ulike artistar som skal opptre for publikum. Av dei skal mellom anna Mark Chesnutt, Vassendgutane, Ida Jenshus, Abalone Dots og Steinar Engelbrektson Band lage god stemning for publikum.

Minitreff

Men det er ikkje berre vaksne cowboyar som deltek på treffet. Rune Larsen og Helge Nilsen har ein eigen konsert for borna på treffet. I tillegg kan dei som vil lære linedance og kle seg ut som vaskeekte cowboyar.

Kyrkjekonsert

Countryfestival på Breim

Festglade på campen på Breim klar for dansegelde og musikk

Foto: Runa Victoria Engen/NRK

Det vert også kyrkjekonsert med Sigrid Moldestad, Long Holm, Dawn Sears med fleire. Denne konserten pleier fylle kyrkja på Breim kvart år.

Medan artistane er på scena og fleire deltek på dansegolvet er det mange frivillege som har hendene fulle med arbeid under heile helga. Heile treffet er nemleg basert på dugnad frå folket i Breim og omegn. Nærare 700 frivillege er med på å lage festen.