Hopp til innhold

Sendt heim frå countrytreff

Ein mann i 50-åra måtte reise heim frå countryfestivalen etter bråk.

Countryfestival på Breim

Medan dei fleste kosa seg med musikken på Norsk Country Treff som her, måtte mannen i 50-åra forlate området og reise heim.

Foto: Runa Victoria Engen/NRK

Mannen var overstadig rusa og sette seg opp mot vaktene på festivalområdet.

Då måtte politiet trå til, og hjelpe vaktene. Mannen gjorde seg vanskeleg, og enda på visa var at nokon som kjende mannen tok seg av han. Han vart køyrt heim.

Men å setje seg opp mot vaktene er ikkje noko dei set pris på, heller ikkje politiet. Mannen må difor møte politiet att for dei oppretta sak på forholdet.