Hopp til innhold

- For eit gap han hadde

Thomas Apalseth sperra auga opp då han drog garnet laurdag.

Fanga hai i Sognefjorden
Foto: privat

Laurdag morgon skulle Apalseth og svigerfare Gunnar Sveinsbø trekke garn i Sognefjorden i Vik. Dei venta på ei svær kveite, men til overflata kom det ein hai.

Fanga hai i Sognefjorden

- Vi vart veldig gira då vi skjønte at det var ein hai vi hadde fanga, seier Thomas Apalseth frå Bergen.

Foto: privat

Sperra opp auga

- Vi kjendte at det var tungt å trekke i garnet, og vi håpa at det låg ein skikkeleg god middag der nede til oss. Mest av alt håpa vi på ei kveite, for det har vore nokre fine, store kveiter i garnet tidlegare, seier Apalseth.

Men kveite var det i ikkje. Etter å ha trekt i garnet ei stund, dukka det opp eit syn som han seint vil gløyme.

Fanga hai i Sognefjorden

Gråhaien, som dette beistet heiter, vog 22 kilo og var 1,43 centimeter lang.

Foto: privat

- Vi sperra opp auga. Vi såg haifinner, og skjøna med ein gong at det var ein hai vi hadde i garnet, seier Apalseth.

22 kilo

Svigerfar Sveinsbø og han var meir og meir gira etter kvart som haien openberra seg. Tilslutt fekk dei den 22 kilo tunge haien i båten.

- Vi hadde med oss hunden, og den skjøna at det var noko spesielt.

Haien var i live då den kom i båten, men var vikla inn i garnet slik at den ikkje kunne gjere skade.

- Likevel surra vi garnet eit par gonger ekstra rundt haien slik at vi skulle vere sikre på at den ikkje gjorde nokon skade, fortel Apalseth.

Ville ikkje tru det

Dermed kunne duoen ta seg inn til land med båten, og få haien på land.

- Vi la han åp bakken, og lot han vere der i nokre timar til vi var sikre på at den var dau. Han hadde nokre skikkeleg svære tenner, og vi ville ikkje finne ut kva han kunne gjere med dei, seier haifiskaren.

Fanga hai i Sognefjorden

Hunden var ikkje like overbevist om at ein hai garnet var stor stas. Den heldt seg på ein armlengdes avstand heile tida.

Foto: privat

Dei ropte til dei andre som var på land at dei hadde fått hai i garnet, men det ville dei ikkje tru på.

- Dei trudde vi tulla, og måtte kome ned til vatnet for å tru på historia, ler Apalseth.

Aldri sett likanande

Gunnar Sveinsbø har fiska i fjorden i mange år, men aldri sett noko liknande.

- Svigerfar har vakse opp på garden her, men han har aldri opplevd noko slikt før, seier Apalseth.

Fanga hai i Sognefjorden

Ekspertar seier haien må ha kome seg til Sognefjorden frå Middelhavet ein stad.

Foto: privat

Men noko haimiddag vart det ikkje på laurdag.

- Vi var redde for at det kunne vere ein del urin i kjøttet, og vi har høyrt at kjøttet ikkje smakar noko særleg. Dermed bestemte vi at vi skulle seinke den i fjorden att.

Må rekne med slikt

Marinbilog Torleiv Brattegard fortel til Bergens tidende at dette ikkje er ein vanlig gjest i Sognefjorden.

Brattegard meiner haien Apalseth og svigerfaren fekk i garnet laurdag er ein gråhai.Den held seg stort sett i Middelhavet, men har teke den lange vegen opp til Sognefjorden på vitjing.

- Eg har lese at fleire seier at fordi vi fåt varmare vatn, vil det bli meir av slike dyr her hjå oss og, seier Apalseth.

Men at han og svigerfaren har sommarens mest utradisjonelle fiskehistorie er det vel ingen tvil om.

- Dette er tidenes historie, ingen tvil!, seier Apalseth.

Fanga hai i Sognefjorden

Stolt fiskar med sjeldan vare.

Foto: privat