Hopp til innhold

Turist-tørken held fram

Britar, asiatar og amerikanarar har ikkje råd til å besøke Sogn og Fjordane. Og det merkar turistnæringa.

Kvikne´s Hotell

Kvinkes Hotell i Balestrand.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Vi ser ein stor tilbakegang på enkelte utanlandsmarknader. Samanlikna med fjoråret har vi i juni hatt 15% færre besøkande og 10% mindre omsetning.

Det seier hotelldirektør Sigurd Kvikne, ved Kviknes Hotell i Balestrand.

Finanskrisa får skulda

Den same trenden ser ein ved Alexandra og Loenfjord Hotell i Loen, som har hatt ein samla nedgang på seks prosent i juni.

Det var om lag 52.800 turistar i Sogn og Fjordane i mai i år, ein nedgang på 15 prosent frå året før. Den endelege statistikken for juni er framleis ikkje klar, men den negative trenden held fram.

Det er hovudsakleg dei utanlandske turistane som sviktar; spesielt britane, asiatane og amerikanarane.

Finanskrisa får hovudskulda for at langt fleire utlendingar held seg heime.

Ledig i toppsesongen

Til og med no, midt i toppsesongen, er det dagar med mykje ledig kapasitet, fortel Kvikne.

– Vi har dagar der det er mange ledige rom. Det er veldig variert, og ikkje det jamne talet på besøkande vi har hatt tidlegare, seier han.

Englandsbåten

Administrerande direktør Kristian Jørgensen i Fjordnorge, meiner bortfallet av båten mellom Bergen og England er ein viktig årsak til turistsvikten.

– Konsekvensane av å ha mista Englandsbåten merker Sogn og Fjordane veldig godt, då britane har vore ein viktig marknad for fylket, seier han.

Kvikne fryktar at resten av sommarsesongen blir like dårleg.

– Eg er redd utviklinga vil halde fram, seier hotelldirektøren.