Mandag morgon, kring klokka halv seks, braut fire ungdommar mellom 14 og 17 år seg inn i huset til familien Nedreberg Silden i Måløy.
Dette var meldinga søskenparet Chris og Veronica fekk då dei ringte politisentralen i Florø:
– Møt opp på politikontoret når det opnar seinare i dag.
Det skriv
onsdag.Forbanna
Når tjuvane blei oppdaga, la dei på sprang ut av huset. Og sidan lovens lange arm ikkje ville rykke ut, bestemte søskenparet seg for å ta saka i eigne hender.
– Vi blei rett og slett forbanna, heiv oss i bilen og la oss på hjul etter dei, seier Chris.
Dei køyrde rundt i Måløy og leita etter dei unge tjuvane ei stund, utan hell. Men så møtte dei på Jan-Erik Strømmen.
Han hadde óg blitt utsett for innbrot i familieheimen på Kulen.
LES:
– God hjelp, til slutt
Strømmen slo følgje med søskenparet i jakta på tjuvane, som endeleg gav resultat. I Måløy sentrum fann dei to av ungdommane.
Med tjuvane sikra i baksetet til Strømmen, kom endeleg politiet, som seinare på dagen fann dei to siste røvarane.
– Det var medverkinga frå dei private som gjorde at vi slutt fekk tak i alle fire, seier politibetjent Løvskar frå lensmannskontoret i Vågsøy til Fjordenes Tidende.
Silden-familien ynskjer å påpeike at politiet i Måløy både var hyggelege og til god hjelp når dei først rykka ut.
– Vurdert slik der og då
Politibetjent Løvskar seier at vurderinga om å ikkje rykke ut med ein gong var det operasjonssentralen i Florø som tok, då det var dei som fekk meldinga.
– Situasjonen vart vurdert slik der og då, seier ein representant frå operasjonssentralen i Florø.
Han legg til at ein av dei vakthavande var i Vanylven på det tidspunktet, noko som gjorde at då politiet vart kalla ut, tok det litt tid å kome seg til Måløy.
Men han bekreftar at både Strømmen og Silden-familien fekk beskjed om å møte på lensmannskontoret når kontoret opna.
LES ÓG:
- Er dette eit eksempel på at politiberedskapen i distrikta er for dårleg? Diskuter i kommentarfeltet!