Hopp til innhold

Positiv til jaktoppsyn-samarbeid

Viltansvarleg i Naustdal kommune, Henning Malones, meiner Askvoll bør bli med i samarbeidet om jaktoppsyn.

– Eg tykkjer det har fungert veldig bra, og vil råde Askvoll kommune til å vere med, seier Malones.

Politiet i indre Sunnfjord har eit samarbeid om jaktoppsyn med kommunane Gaular, Fjaler, Førde og Naustdal.

Kvar av kommunane betaler 10.000 kroner slik at politiet kan drive oppsyn utanom normal arbeidstid.

– Meir synleg

Askvoll kommune vil ikkje vere med, og meiner det er feil å nytte kommunale ressursar på ei oppgåve politiet allereie er pålagt å gjere.

– Eg trur det er viktig for jaktmoralen at politiet er meir synleg. Dei har knappe ressursar, og dette samarbeidet er ein måte å betre det på, seier Malones.