Hopp til innhold

Private måtte dirigere trafikken

Privatpersonar måtte dirigere trafikken då ein bubil gjorde at det korka seg fullstendig på riksveg 60 mellom Olden og Innvik måndag.

Trafikkork mellom Olden og Innvik

Dette biletet av trafikkorken blei teke ved Holen, om lag 30 minutt etter at trafikken blei stogga.

Foto: Reidar Holen

Men det er slett ikkje første gong, fortel Jogeir Agjeld som bur ved strekninga.

– Det var ikkje ein spesiell situasjon på denne vegen, det skjer ofte at vi må ut og hjelpe bubilar til dømes, seier han.

Han fortel óg at sjåførane på bussar og andre store køyretøy ofte må dirigere vekk bilar som står i vegen.

– Tek si tid

Det skal ha vore fleire hundre bilar involvert i korken som danna seg måndag, og det hopa seg raskt opp eit stort tal ventande bilar på begge sider.

Éin time gjekk med på å løyse situasjonen. Politibetjent Vidar Stavik ved Stryn lensmannskontor seier kødanninga på strekninga raskt vert forverra ved stor trafikk.

– Det er klart at det tek si tid før vi kjem ut og kan stoppe trafikken. Slik som trafikkmengda var måndag, blir det fort veldig lange køer på begge sider, og det tek tid før vi får løyst opp korken, seier han.

Olden-Innvik

Riksveg 60 mellom Olden og Innvik vart i 2008 kåra til 'Norges verste veg' i Nettavisen.

Foto: Torbjørn Fardal / NRK

Hjelpte politiet

Reidar Holen, som i samarbeid med politiet dirigerte trafikken slik at ikkje endå fleire bilar vart involverte, meiner det ikkje er privatpersonar si oppgåve å løyse slike floker.

Men ifølgje politiet i Stryn bidrog dei lokale bebuarane til å løyse problemet måndag.

– Bilistane må ikkje rette seg etter sivile som dirigerar trafikken. Men i dette tilfellet hjelpe det oss, slik at korken vart løyst, fortel politibetjent Stavik.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.