Hopp til innhold

– Vi føler oss som skitt under skoa

Arny Bjørvik er mor til 31 år gamle Kim som vart kasta ut av sjukehus etter tre dagar, utan nokon til å passe seg. Kim er rusmisbrukar og psykiatrisk pasient.

Lege i sykehuskorridor

Illustrasjonsbilete.

Foto: Wiik, Eirill / SCANPIX

– Han blir ikkje sett på som ein pasient lenger, men ein kasteball i systemet. Ein person dei kastar rundt til han ikkje orkar meir. Både han og vi pårørande får ei kjensle av at vi er ei pest og ei plage, fortel Bjørvik.

LES ÓG: Lovar betre rusomsorg

Får ikkje hjelp

Kim er rusmisbrukar, og ynskjer hjelp til å klare å meistre livet sitt. Han har vore i behandlingssystemet lenge, men i tillegg til rusproblema er han ein psykiatrisk pasient.

Det fører til at han ikkje passar inn på psykiatrisk avdeling grunna rusproblema, og at han ikkje klarer krava frå rusinstitusjonar grunna angst og depresjon.

Mor til Kim krev no at han blir behandla som eit heilt menneske.

– Han fikk beskjed om at det ikkje er håp for han. Og det tykkjer eg er veldig, veldig skremmande. Det vi vil ha no er ein plass der han i det minste kan få hjelp til å slutte å ruse seg. Han blir vanskeleg, sur og sint om han får beskjed om å slutte, og då blir han kasta ut av helsevesenet, fortel ho.

– Skitt under skoa

Kvardagen til Kim var i sommar så vanskeleg at han ikkje ville leve lenger.

Han vart redda i tide, og plassert på psykiatrisk avdeling. Der fekk han vere i tre dagar, så måtte han ut.

Legen ville sende han attende til leiligheita han bur i, men med angst, abstinensar og tung depresjon ville ikkje Kim vere åleine.

– Om vi blir sure og sinte på helsevesenet blir vi oppfatta som ei plage. Det fører til ei kjensle av håplause for oss pårørande som det er vanskeleg å beskrive med ord. Vi føler oss som skitt under skoa, seier Bjørvik.

Ho fekk tvinga gjennom ei mellombels løysing på rusinstitusjon i 14 dagar. Men etter det veit ho ikkje kva som skjer.

– Helsevesenets taparar

Slike historier er kvardagskost for Actis - Rusfeltets samarbeidsorganisasjon.

– Ruspasientar er helsevesenets taparar. Det er dei som blir prioritert lågast av alle, og blir diskriminerte på alle plan i norsk helsevesen.

Det seier leiar i organisasjonen, Jon Storaas.

Han fortel at dei arbeidar dagleg for å forklare kva som kan gje ruspasientar eit godt tilbod.

– Alle dei politiske partia ringjer meg for å spørje kva dei bør meine om det eine og det andre. Dei seier det eg seier i debattane sine, og så gjer dei ingenting med det i etterkant, fortel Storaas.

Forstår dei som gir opp

Arny Bjørvik måtte avbryte sommarferien sin og ta med seg dei to døtrene sine for å hjelpe Kim. Slik har det vore dei siste sommarane.

Ho har skrive brev til helseministeren, men har ikkje fått svar. Ho har teke kontakt med alle tenkelege og utenkelege instansar og personar som kan hjelpe.

Men Kim er like sjuk, fleire år etter at han første gong kom i kontakt med helsevesenet.

– Pengane blir borte gjennom møteverksemd, omorganiseringar og helsereformar. Dei møter bort pengane, seier Storaas.

Han seier at løysinga er å flytte administratorane nærmare pasientane, slik at dei som jobbar til dagleg med pasientane får seie i frå om kva dei treng.

No er Bjørvik tom for idear om kva som kan hjelpe; kva ord ho må seie for at sonen skal få den hjelpa han treng.

– Som mor til ein rusmisbrukar forstår eg godt at folk gir opp ein slik kamp. Men om eg og far til Kim ikkje klarer meir, har han ikkje ein sjanse til å overleve, seier ho.