Hopp til innhold

Kan vere slutt på oppdrettsvekst

Fiskeoppdrettar Ola Braanaas i Firda Management i Gulen fryktar at næringa kan gå glipp av vekst på grunn av styresmaktene.

Lakseoppdrett

Illustrasjonsbilete: Lakseoppdrett.

Foto: Odd Kristian Dahle / NRK

Ola Braanaas

Arkivfoto: Ola Braanaas.

Foto: NRK

Fiskeridirektoratet vil ikkje dele ut fleire oppdrettskonsesjonar i 2010, fordi dei fryktar miljøkonsekvensane.

– Signala frå Fiskeridirektoratet og dei politiske myndigheitene tydar på ein set bremsene på no. Men eg håpar for guds skyld at det ikkje er tilfelle, fortel Braanaas.

– Gode sjansar

Medan Fiskeridirektoratet er skeptiske til nye matfiskløyve, surfar næringa på ei kjempebølgje med gode prisar og høg inntening. Konkurrentane i Chile ligg med broten rygg på grunn av laksesjukdommar.

LES: Tidenes beste år for lakseoppdrett

Braanaas meiner det er fleire i bransjen som no har pengar og er villige til å satse. Han seier difor at det er feil medisin å nekte fleire løyver.

– Det er fornuftig å investere no, fordi chilenarane er ute. Vi har dermed gode sjansar til å ta marknadsdelar. seier han.

Miljøproblem

Han tykkjer det er merkeleg at ein av dei største industriane for framtida i Norge skal få desse strenge vilkåra no.

– Regjeringa køyrer på med oljeleiting på Bjørnøya og oljeboring i Lofoten, og pratar samtidig om miljøvennleg og berekraftig utvikling. Det er ein underleg miks dei driv på med no, tykkjer Braanaas.

Fiskeridirektoratet skriv til departementet at det ikkje bør bli gitt ut fleire konsesjonar i 2010, mellom anna grunna faren for rømming, ureining, sjukdom og vanskar med å skaffe nok fôr.

Men Braanaas seier næringa har fått bukt med miljøproblema.

– Talet på rømmingar har gått ned, og det blir jobba intenst med lus-problematikken. Utover det er det ingen miljøkonsekvensar ved fiskeoppdrett, meiner han.