Hopp til innhold

Lege: – Lite grunn til bekymring

Fylkeslege Petter Øgar meiner det ikkje er grunn til panikk om du har eit barn som har vore på 4H-leiren på Breim.

Petter Øgar.

Fylkeslege Petter Øgar.

Foto: Roy Raasholm Fauske / NRK

– Det er så enkelt som at om ungane føler seg friske, så bør dei bli behandla som at dei er friske, fortel han.

Han påpeikar at ein bør kontakte lege om ungane utviklar influensasymptom som til dømes feber, men det utover det er det ikkje grunn til bekymring.

Telefonmøte

– Slik som eg ser det no er det lite sannsynleg at ein som ikkje var på bussen med jenta som først fekk svineinfluensa, har blitt smitta, seier han.