Hopp til innhold

– Surt at leiren vart avlyst

– Eg trudde eg hadde sove dårleg, og eg kjende eit press på hovudet. Då gjekk eg for å sjekke temperaturen min, og den var 39,5 grader.

Iver Hasla
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Det fortel Iver Hasla frå Tvedestrand kommune i Aust-Agder, som no sit i isolat på ein skule på Breim i Gloppen.

Han er éin av dei førebels 45 som har fått symptom på svineinfluensa etter 4H-leiren på Breim.

– Dei ba meg hente bagasjen med éin gong. Det var ikkje snakk om noko anna, fortel han.

Les om svineinfluensa-utbrotet på 4H-leiren på Breim.

– Det er surt

Han tykkjer det er surt at leiren no vert avlyst.

– Eg hadde gleda meg til å vere med på alle aktivitetane. Men eg har høyrt at om ein får svineinfluensa så tidleg er ein betre rusta til hausten, seier Hasle.

Han skal prøve å få tak i noko lesestoff for å underhalde seg sjølv, men han trur ikkje det blir altfor keisamt i isolat.

– Eg blir jo ikkje åleine, påpeikar han.