Hopp til innhold

Gjettar på over 60 sjuke

Fylkeslege Petter Øgar trur om lag 60 personar vil ligge på isolat i løpet av laurdag kveld, etter 4H-leiren på Breim i Gloppen.

Svineinfluensa på 4H-leir på Breim
Foto: Vegard Erstad / NRK

– Det er om lag 60 personar som har teikn på sjukdom. Alle unntatt éin av desse er ikkje alvorleg sjuke. Den personen som er litt sjukare er framleis frisk nok til at vi kan behalde han lokalt, fortel han.

Les om svineinfluensa-utbrotet på Breim:

Risikosone

Seks av dei sjuke er på isolat i Florø, resten held til på Reed skule i Gloppen.

– Dei er trygt og vel plassert, og har det bra, seier han.

Arrangørane av leiren har fått hjelp av to legar frå Eid som vurderar kven som skal få medisinar.

– I tillegg gir vi førebyggjande behandling til dei som er i ein såkalla risikosone. Det vil seie dei som har kroniske sjukdommar og liknande, seier han.

– Stor jobb å gjere

Øgar seier at legane og dei andre som hjelper til har situasjonen under kontroll.

– Men dei har ein stor jobb å gjere, påpeikar fylkeslegen.

Han fortel at arbeidet med å skaffe heimtransport er godt i gang.

– Dei fleste som er friske vil nok forlate leiren i løpet av søndag, seier Øgar.