Hopp til innhold

Rekordar på Rallarvegsløpet

47 deltakarar fullførte årets Rallarvegsløp. Det var fem fleire enn i fjor, og er ny deltakarrekord på det åtte mil lange løpet.

Rallarvegen

Arkivfoto: Sharon Broadwell kjem i mål på Rallarvegsløpet i 2005.

Foto: Kondis / Runar Gilberg

Fjorårets vinnar Alemayehu Sitotaw frå Bergen vann i år óg. Han låg 13 minutt framfor arrangementsleiar Runar Gilberg frå Oslo, som kom i mål på andreplass.

– Både i dame- og herreklassen var det eit veldig jamnt, høgt nivå. Det har aldri vore med så mange gode løparar før, seier Gilberg.

Rallarvegsløpet går frå Flåm til Haugastøl over to dagar, med overnatting på Finse.

Ny løyperekord

Maria Lundgren sørgja for at det vart svensk siger og ny løyperekord på kvinnesida. Ho kom i mål ni minutt før nummer to – Ida Flåtten frå Oslo.

Gilberg trur optimale vêrforhold var ein viktig grunn til dei gode tidene, og seier at stemninga var på topp begge dagane.