Hopp til innhold

Ber staten ta influensa-rekninga

Rådmann i Gloppen, Marit Elisabeth Larsen, trur kostnadane kring svineinfluensa-utbrotet på 4H-leiren på Breim vil bli store.

Svineinfluensa i 4H-leir på Breim
Foto: Heidi Lise Bakke

Gloppen kommune, som allereie slit med dårleg økonomi, vil dermed sende rekninga vidare til staten.

– Vi reknar med at kostnadane vert betydelege. Men vi har ikkje noko detaljoversikt før alle ungdommane er ute av isolat og på veg heim att, fortel rådmann Larsen.

Les om svineinfluensa-utbrotet på Breim.

Behandling

Det vart sett i verk omfattande tiltak for å hindre at svineinfluensaen skulle spreie seg på den nordiske 4H-leiren på Breim i Gloppen i helga.

Ei 15 år gammal jente på leiren fekk påvist H1N1-viruset fredag kveld, og utover helga gjekk det skytteltrafikk mellom leiren, legevakta og det improviserte isolatet som vart oppretta på ein skule i kommunen.

Den medisinske behandlinga må kvar enkelt betale. Men det er Gloppen kommune som må ta rekninga for isolatet, og for helsepersonellet som har vore på vakt og som no ikke kan arbeide på nokre dagar.

Ber staten ta rekninga

Men rådmannen i Gloppen kjem til å be staten om å ta denne rekninga.

– Vi har eit håp om at vi skal få staten med på å betale store delar av rekninga vår. Det har vore - og er - ein heilt spesiell situasjon, med det største svineinfluensa-utbrotet i landet. Det er ei nasjonal sak, ikkje ei lokal sak, meiner Larsen.

Óg norske 4H har ytra eit ynskje om å få dekka kostnadane dei har hatt. I går sa helsedirektør Bjørn Inge Larsen at det var eit politisk spørsmål.

Helse- og omsorgsdepartementet vil ikkje kommentere dette no, men vil kome tilbake til det om det kjem ein konkret førespurnad.

Og den vil kome.

– Vi tar utgangspunkt i at vi ber om hjelp oppover i systemet, seier rådmann Larsen.