Hopp til innhold

Niåring sat fast i symjebasseng

I to og ein halv time sat den hjelpelause niåringen fast i symjebassenget.

Emil Jakob Valsvik Offerdal
Foto: Steinar Lote / NRK

Emil Jakob Valsvik Offerdal vart torsdag kveld sitjande fast i terapiassenget i Høyangerbadet. Han sette handa si fast i ein støvsugaropning som ikkje var skikkeleg avstengt.

Vanskeleg å halde varmen

Støvsugaropningar var plassert rett under vasskanten i bassenget, og guten var ikkje i umiddelbar fare for å drukne. Politi og hjelpemannskap brukte to og ein halv time på å få niåringen laus.

Lensmann Olav Hellebø fortel at det var vanskeleg å få guten laus. Både brannvesen, ambulanse og politi vart tilkalla.

- Ei utfordring var å halde guten varm. Heldigivs var dette i eit terapibasseng som var godt oppvarma. I tillegg brukte vi tepper for å halde på varmen.

Måtte skjerast laus

Innandørsbassenget i Høyangerbadet

Hjelpemannskapa hadde store problem med å få niåringen laus frå botnen i symjebasset. Dette biletet er frå ein annan del av Høyangerbadet.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Hjelpemannskap kjempa for å få guten laus, men handa sat heilt fast nede i slamsugaropninga. Dei måtte til med hammar og meisel og frigjere sugeinnretninga for å guten ut av bassenget. Fyrst etter at han var komen på land makta hjelpemannskap å få handa fri. Guten vart i fylgje politiet sendt til legesjekk.

Ikkje smerter

- Trass i at niåringen opplevde det som ubehageleg, hadde han ikkje store smerter. Men han måtte ligge i ein ubehageleg posisjon og han måtte flytte på seg etterkvart som dei meisla laus slamsugaren, fortel Hellebø.

Guten var med bestefaren sin og eit søsken for å bade torsdag ettermiddag då han fekk handa si inn i opninga.

Høyangerbadet skal ifylgje Hellebø ha støvsugd bassengbotnen i terapibassenget tidlegare på dagen. Dette er ein operasjon som vert gjort om det er ureint i botnen av bassenget. Truleg har dei ikkje slått av sugaren skikkeleg slik at guten fekk handa inn den. Sugaren har ei låseordning som gjorde det uråd for niåringen å bli frigjort. Dermed vart han liggande fast i bassenget.

Etterforskar Høyangerbadet

Høyangerbadet vil no verte etterforska av politiet. Det populære badeanlegget i Høyanger vart opna for berre få år sidan. Mellom anna vil politiet gjere avhøyr av bestefaren til niåringen. NRK har ikkje fått kontakt med leiinga for badet i kveld.