Hopp til innhold

Funnen med beinbrot i fjellet

Mannen i 40-åra frå Lithauen, som har vore sakna på Gjegnalundbreen i Nordfjord, vart funnen av eit Sea King redingshelikopter i 14.30-tida måndag.

Leiar for leiteaksjonen, Torbjørn Sælen
Foto: Magnar Heimset

Mannen er frakta til Førde Sentralsjukehus og får behandling der, mellom anna for beinbrot.

Nedkjølt

- Den sakna vart funnen ved Gjegnabu på veg nedover mot Hyen. Han hadde eit mogleg beinbrot og var nedkjølt, seier operasjonsleiar Inge Værøy ved Sogn og Fjordane politidisktrikt.

Vinka til helikopteret

- Korleis vart han funnen?

- Dei observerte vedkomande frå lufta. Vi fekk opplyst at han vinka for å prøve å gjere seg til kjenne, seier han.

Meldinga om at mannen var sakna , kom inn like over klokka sju i dag tidleg. Han vart meld funnen like før halv tre måndag ettermiddag.