Hopp til innhold

Fødde utan å vite ho var gravid

35 år gamle Agathe Zoe Sunde frå Stryn reiste til legen med det ho trudde var magesmerter.

Storken kommer med barn - lekefigur
Foto: Halvard Iversen / NRK

Men undervegs fann hun ut at det var ei lita jente som prøvde å komme til verda.

– Det er ubeskriveleg flott. Frå å vere åleine til plutseleg å ha eit lite menneske å ta vare på, seier ho.

– Skal ikkje gå an

Fredag fødde Sunde ei fin lita jente på lokalsjukehuset i Nordfjord. Mora og den litt tidleg fødde jenta er overførte til kvinneklinikken ved lokalsjukehuset. Agathe har hatt si livs oppleving.

– Det skulle ikkje gå an, men det gikk med meg. Eg hadde ingen teikn på svangerskap. Verken kvalme eller alt det som følgjer med eit svangerskap. Det fantes ikkje.

– Korleis oppdaga du at noko var på gang ?

– Dagen ho vart fødd fekk eg det som eg seinare forstod var rier, og blei sendt til legevakta i Stryn, berre for å vere sikker på at det ikkje var noko alvorleg. Der fekk eg vite at det var tre centimeter opning, og det var berre å reise ned på Nordfjordeid.

Høyr Agathe Zoe Sunde fortelje om den uventa fødselen.

– Fekk ikkje tid å tenkje

– Eg fekk ikkje tid til å vere redd eller å tenkje. Det var berre å hoppe i det og la det stå til.

Fødselen gjekk fint og raskt. Sunde kom til sjukehuset i åttetida om kvelden, og jenta vart fødd 22.03. Sunde var på jobb til og med torsdagen. Fredag vart ho sjuk, og om kvelden kom jenta.

Skjer kvart år

Overlege Bjørg Ladehaug på kvinneklinikken seier at slike uventa fødsler skjer nesten kvart år i Helse Førde.

- Den er ikkje veldig vanleg, men vi ser at det skjer med mellomrom at kvinner kjem inn og føder utan å vere klar over det. Det er andre gangen i år, og det skjer nesten årleg.