Hopp til innhold

- På hengande håret

Turi Hanssen og kjærasten måtte bergast då bilen døydde midt i rasområdet.

Turi Hanssen (26) og kjærasten Stian Rønnevik (25) frå Stavanger fekk ein meir spektakulær tur enn det som var planlagd i dag.

Dei er innlosjert på Nørstedalsseter Turisthytte i Luster, og hadde planlagd tur i fjellheimen.

Sjå bileta av ras og flaum

Bilen døydde

- Eg og kjærasten skulle gå ein fottur, men snudde på grunn av dårleg ver. Vi skulle i staden køyre ned til Fortun. Men plutseleg var det ikkje meir veg att. For ein stor foss hadde skylt vekk vegen. Då vi skulle prøve å køyre opp att var det kome så mykje vatn i vegen at bilen døydde.

- Korleis var det å oppleve at bilen stoppa?

- Det var litt ekkelt. For det hadde rast ut så mange steinblokker på grunn av alt vatnet. Men heldigvis hadde vi mobildekning, og fekk ringt etter hjelp. Då roa vi oss litt.

- Fossar over heile fjellsida

Dei store nedbørsmengdene den siste tida har sett sitt tydeleg preg på dalen.

- Det var berre vatn over alt. Det var kvitt på kvitt på kvitt. Det var masse fossar som kom ut frå over alt. Det var heilt utruleg å sjå. Vatnet steig kjempefort, fortel Hanssen.

Politiet fekk naudmeldinga frå Turi Hanssen og vidareformidla det til styraren ved Nørstedalsseter Turisthytte, Halvor Bakken. Han sendte straks sonen sin, Marius Bakken, av garde for å hjelpe med ein stor firehjulstrekkar.

- På hengande håret

- Det var veldig betryggande å sjå den bilen kome for hente oss. Men det var litt på hengande året at vi greide å kome seg opp att til turisthytta. Hadde vi venta ein time til, hadde det kanskje ikkje vore mogleg å køyre.

Redningsmannen Marius Bakken (31) kjem opprinneleg frå Hamar, men har budd på Nørstedalsseter i fire somrar. Han har aldri opplevd liknande tilstandar.

- Eg har aldri sett maken til vassmengder. Heile dalen var full med vatn i botn, seier Bakken.

Turi Hanssen og kjærasten er no trygt tilbake på turisthytta, der dei har funne roen att.

- Vi har fått hengt opp alle kleda til tørk. Og no et vi litt mat, fortel Hanssen fornøgd.