Hopp til innhold

- Eg står til knea i vatn

Store nedbørsmengder førte til flaum fleire stader i Sogn tysdag kveld.

Flaum i Jostedalen
Foto: Jostein Aasen

I Jostedalen vaks elva seg så stor at den kom inn i kjellaren til Kristen Alsmo på Alsmo, omlagt midt i dalen.

- Vatnet når meg minst til knea, fortel han.

Les og: - På hengande håret

Sjå bileta av ras og flaum

Fleire vegar stengde

- Markene mine er oversvømde av vatn. Korleis det ser ut ellers i Jostedalen kan eg ikkje svare på, for eg kjem meg ikkje her i frå, fortel Alsmo til NRK Sogn og Fjordane tysdag kveld.

Ein bonde i dalen opplevde at 30 rundballer vart tekne av elva, og i Ottum vart ein privat veg gravd ut av dei store vassmassene.

Les og: Stort ras stengjer E16

Les og: Steinras stoppa rassikring

Elva stengde vegen gjennom Jostedalen, like ved der Alsmo bur. Ifølgje vegvesenet er det uvisst når vegen vil opne igjen.

Klokka 22.30 melde Statens vegvesen om at følgjande vegar var stengde i Sogn og Fjordane på grunn av flaum eller stein- og jordras: E16 ved Gudvangen, riksveg 604 ved Alsmo i Jostedalen, riksveg 604 Røneid- Høge bru, ved Fossen (Jostedalen), fylkesveg 214 Gudvangen-Bakka, Urnes-Skjoden og fylkesveg 333 Skjolden-Mørkrid.

Flaum i Jostedalen

Fleire hus i Jostedalen får merke at vatnstanden i elva har gått opp.

Foto: Kristen Alsmo

NRK-reporter Ranghild Bjørge som er på staden seier at fylkesvegen oppover dalen er stengd på fleire stader.

- På tre eller fire stadar stengjer store vassmengder vegen, seier Bjørge.

- Kjem seg berre fram med traktor

Ho vart sjølv stogga av vassmengdene.

- Småbilar kjem seg ikkje forbi. Dei einaste som har passert dei oversvømde stadane har gjort det med traktor, fortel ho.

Det står både turistar og lokale folk og føl med på det som skjer.

- Dei som bur her seier dei ikkje har sett liknande på ti år.

Tidlegare råka av flaum

Også tidlegare har det vore store flaumar i Jostedalen. Sjølv meiner Alsmo at vatnet som no kjem nedover dalen kan gje ein ny storflaum.

Flaum i Jostedalen

Elva i Jostedalen fløymer over markene.

Foto: Kristen Alsmo

- Elva er like stor som ho var i 1997 og i 2007. Då var det to slike flaumar i elva, men elva er større her no enn ho var i 2007, forklarar bonden.

Også huset til Alsmo har fått merke nedbøren. Kjellaren hans er full i vatn.

(artikkelen held fram under biletet)

Flaum i Jostedalen

Markene til Kristen Alsmo er oversvømde av store mengder vatn.

Foto: Kristen Alsmo

Elvane på retur

Situasjonen vil roe seg i løpet av natta og morgonen, trur informasjonssjef Norman Kjærvik i Statkraft.

- Det utvikla seg veldig fort både her i Luster, og i Vik. Men i løpet av kvelden har nedbøren avteke, og no ser det ut til å roe seg att. Slik eg vil bedømme det her i Jostedalen, er elvane på retur no, meiner Kjærvik.

- Vi overvaka alle magasina våre. Men det har ikkje skjedd noko alarmerande ved nokon av anlegga vår, så langt som vi har oversikt over i kveld.

- Hald deg innandørs!

Norman Kjærvik

Informasjonssjef Norman Kjærvik i Statkraft.

Foto: Statkraft

- Kor stor er denne flaumen historisk sett?

- Den er kanskje større enn den vi hadde i 2007, men den kan truleg ikkje måle seg med den vi hadde i 1979.

Kjærvik kjem med ei generell oppmoding til sine medsogningar.

- Når veret er slik som i kveld, er det lite anna å gjere enn å betrakte det på avstand.

- Kanskje like greit å halde seg innandørs?

- Det er absolutt ein fordel, konstaterer Norman Kjærvik i Statkraft.