Hopp til innhold

Billegare enn rekna med

Dalsfjordsambandet blir 46 millionar kroner billegare enn det Statens Vegvesen til no har rekna med.

Dalsfjordbrua slik ho etter planen skal sjå ut

Det syner kvalitetssikringrapporten som Finansdepartementet har fått utarbeid.

– Alt klart

Dermed er alt klart frå staten si side for byggestart neste år, seier samferdsleminister Liv Signe Navarsete.

– Eg er veldig glad for at dei eksterne kvalitetssikrarane har landa den vegen og at vi ikkje fekk ein auke i kostnaden på prosjektet.

Fleire tiår med kamp

Etter fleire tiår med kamp og eit liv på sida av alle vegbudsjett er Dalsfjordsambandet no eit langt steg nærare realisering. Denne veka kom rapporten som Finansdepartementet hadde bede om frå ei ekstern kvalitetssikringsgruppe.

940 millionar

Rapporten viser at prislappen på brua over Dalsfjorden no er på 940 millionar kroner, det er 46 millionar kroner billegare enn det Statens Vegvesen til no har rekna med.

– Anleggsstart neste år

– Det betyr at det no er lagt til rette for at arbeidet med dette prosjektet kan førast vidare med sikte på at sjølve anleggsarbeidet kan starte i 2010, gitt at fylkestinget prioriterer det vidare. For no er det Sogn og Fjordane fylkesting som overtek frå nyttår, seier Navarsete.

Og i Fjaler ser Rolf Kleiven, som er leiar i aksjonsgruppa for Dalsfjordsambandet, fram til å kunne stikke spaden i jorda like over nyttår.

– Utruleg gledeleg

– Ja, det er utruleg gledeleg når vi har ein samferdsleminister som seier dette. Det er flotte tal, og det viser at arbeidet som er lagt ned av vegkontoret er gjort på ein skikkeleg og grundig måte. At det er blitt billegare enn dei har lagt opp til er kjempeflott. Eg har forferdeleg god tru på at vi har spaden i jorda i februar-mars 2010, slik det er planlagt.