Hopp til innhold

Tre til sjukehus etter ulukke

Tre personar måtte sendast til Førde sentralsjukehus etter ei trafikkulukke på E39.

Trafikkulukke på E39

Kollisjonen førte til at E39 vart stengd i ein periode søndag ettermiddag.

Foto: May Britt Eide, Ytre Sogn

Det var ein lastebil og ein semitrailer som krasja på vegen mellom Vadheim og Bogentunnelen søndag ettermiddag.

Trafikkulukke på E39
Foto: May Britt Eide

Dei skadde er er ein mann i 20-åra, som sat i den eine bilen. I den andre var det ein mann i 40-åra og ei kvinne i 60-åra.

Ulukka skjedde på E39 på det smale partiet like forbi avkøyringa til Guddal.

Operasjonsleiar Inge Værøy i Sogn og Fjordane politidistrikt seier det er ein del kø på staden, men at nokre personbilar fekk kome forbi ulukkestaden før bilbergingsbilen var på plass. E39 er no opna igjen.

Trafikkulukke på E39
Foto: May Britt Eide

Det er uvisst kva som er årsaka til at dei to køyretya kolliderte.

- Det er eit veldig smalt parti dette, og det er ikkje plass til to så store køyrety på denne vegen, seier Værøy.