Hopp til innhold

Brann i Florahallen

Det er førebels ikkje klart kva som er årsaka til at det tok til å brenne i Florahallen fredag kveld.

Brann i Florahallen
Foto: Frank Tangen/Floranett.no

Klokka 18.53 fredag fekk politiet melding om brann i Florahallen i Florø. Det vart meldt om stor røykutvikling og opne flammar.

Etter det politiet kjenner til har alle som var i idrettshallen kome seg ut. Brannen starta i eit pauserom, men varabrannsjef Eivind Ask kan sålangt ikkje seie noko om kva som har utløyst brannen.

Sjå bilete frå brannen i Florahallen

Fotballturnering

Det var ei fotballturnering i hallen då det tok til å brenne, og det var over 100 menneske inne i hallen. Mange av dei måtte springe gjennom røyk for å kome seg ut, men etter det vi får opplyst skal ingen vere skadde.

Kortslutning?

Brann i Florahallen
Foto: MMS-foto: Frank Tangen/Floranett.no

Vaktmeister Sture Ridderstad i Florahallen seier til NRK at det kan vere ei kortslutning som har ført til brann.

– Det kom mykje røyk oppunder taket frå pauserommet til reinhaldsdamene. Der var det låst, men då eg låste opp og opna såg eg at det brann godt der inne. Så eg låste att og fekk folk ut i ein fart.

Video nsps_upload_2009_9_26_12_49_47_2570.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Sjå video

Inn på ungdomsskulen

Dei fleste som vart evakuerte gjekk i fotballdrakter, og dei fekk kome inn på ungdomsskulen og halde varmen der inntil vidare, fortel rektoren på Flora Ungdomsskule, Geir Knapstad.

Video nsps_upload_2009_9_25_23_9_7_2566.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Sjå video: Augevitne Magnus Brandsøy fortel kva han opplevde.

Sløkt klokka 20

Brannvesenet i Flora fekk assistanse frå Eikefjorden, som sende ein brannbil utover. Litt over klokka 20 var brannen sløkt. Det vart ein god del materielle skader på garderobebygget.

Utover kvelden har brannvesenet drive ettersløkking på staden. Dei har mellom anna skore hol i deler av veggane for å sikre at brannen ikkje får ulme opp att.

Fotballkamp avlyst

3. divisjonskampen mellom Florø og Fjøra som skulle ha starta på Florø stadion klokka 19 vart avlyst på grunn av brannen.

Brannen i Florahallen

Store mengder røyk strøymde ut under taket på garderobebygget på Florahallen.

Foto: Frank Tangen/Floranett.no