Hopp til innhold

Omkom i bussulukke

Ein buss frå Fjord 1 med 43 passasjerar ombord sklei utfor vegen ved Grotli på Strynefjellet.

UTFORKØYRING: Ein buss på veg til Volda køyrde av vegen ved Grotli. MMS-foto: Knut Sveen

PÅ SIDA: Ein buss på veg til Volda køyrde av vegen ved Grotli på Strynefjellet. MMS-foto: Knut Sveen

Ein person er stadfesta omkomen etter at bussen køyrde av vegen. Fem av dei andre passasjerane skal vere lettare skadde.

Bussen velta over på høgre side, og hamna i grøfta på høgre side av vegen.

Bussen er frå Møre-ekspressen, og skal ifølgje gd.no ha vore på veg frå Oslo til Ulsteinvik og Fosnavåg.

Brannmannskap, politi og ambulanse kom på staden, etter at dei fekk melding om ulukka klokka 04.55.

Vert frakta til Skjåk

Langtransportsjåfør Dag Vinje seier det har vore tett snødriv i området, og at det var nullføre, glatt og snø i vegbana.

- Passasjerane vart frakta i ein reservebuss til Skjåk kommunehus, som er opna som mottak, seier operasjonsleiar Knut Westby.

Saka held fram under biletet.

Politi og ambulansepersonell kom på staden. MMS-foto: Knut Sveen

PÅ PLASS: Politi og ambulansepersonell kom på staden. MMS-foto: Knut Sveen

Veit ikkje årsaka

Westby stadfestar at ein person omkom i ulukka. Fem andre passasjerar skal vere lettare skadde.

Politiet veit enno ikkje kva som er årsaka til at bussen hamna utfor vegen. Men det skal ha vore veldig glatt og nullføre på staden.

Riksveg 15 over Strynefjellet er førebels stengt. Viking frå Stryn jobbar med å rydde vegbana.

Bussvelt3

GLATT: Det var glatt vegbane og nullføre på ulukkesstaden. Foto: Jan Ivar Vik

Oppretta kriseteam

Politiet fekk melding om ulukka klokka 04.55. Ein passasjer gjekk då rundt i sokkelesten og fortalde at bussen hadde velta mot ein fjellskrent.

Fleire av passasjerane sov då ulukka skjedde, og overfor gd.no fortel dei at dei vakna av glas som singla og at bussen la seg over på sida .

- Vi sende då ressursar til staden. Ein person låg fastklemd under bussen, og vart seinare stadfesta omkomen, seier Westby.

På kommunehuset i Skjåk venta eit kriseteam på passasjerane som kom med reservebussen ned frå fjellet. Det skal ha vore både nordmenn og utlendingar med i ulukka.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.