Hopp til innhold

Vil legge ned fødestova i Lærdal

Styremedlem i Helse Førde-styret jobbar for å leggje ned den forsterka fødstova i Lærdal.

Lærdal sjukehus

Lærdal sjukehus.

Foto: unknown / NRK

Situasjonen for det omstridde fødetilbodet er meir uviss enn nokon gong. Etter alt å døme blir det i år færre fødslar enn botnåret 2006, då 73 born vart fødde.

No ynskjer også fleire representantar i Helse Førde-styret å få lagt ned tilbodet.

Nedlegging i desember

Ingen av styremedlemene vil la seg intervjue på radio om saka. Dersom det let seg gjere, vil dei allereie i desembermøtet sette kroken på døra. Desse planane får Bente Øien Hauge i Forsvar Lærdal sjukehus, til å reagere sterkt.

- Eg tykkjer det er alldeles forferdeleg. Det vil skape ei forferdeleg utryggleik for dei som planlegg og som ventar barn i Indre Sogn å legge ned fødetilbodet vårt, seier Øien Hauge.

Tilbodet må styrkast

Avdelinga vart 1. april 2004 gjort om til fødestove. Så langt i år er 50 nye borgarar komne til verda i sognebygda. Toppåret etter omlegginga var 2005 med 115 fødslar. På grunn av det låge fødselstalet, meiner Øien Hauge at tilbodet må styrkast.

- Nettopp difor må Helse Førde gjere det motsette. Dei må endre kriteriane slik at fleire kan føde. I dag blir veldig mange unødig sendt til Førde for å vere på ei større avdeling, medan dei godt kunne fødd ved fødestova i Lærdal, seier ho.

(ARTIKKELEN HELD FRAM AVSTEMMINGA)

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Også Eid under lupen

Ei arbeidsgruppe av mellom andre styreleiar Clara Øberg, nestleiar Jorunn Ringstad og Helse Vest sin representant i styret, Helge Bryne, skal no sjå på innsparingstiltak.

Etter planen skulle framlegga vere klart til styremøtet i april neste år, men dette er framskunda til desember. I tillegg til fødetilbodet i Lærdal, har NRK grunn til å tru at også ortopeditilbodet i Eid blir sett under lupa.

- Kostnadane må ned

Bryne ville etter styremøtet sist fredag ikkje seie noko konkret om fødetilbodet i Lærdal. Men han var også klar på at innsparingar må til. Helse Førde går mot eit underskot på 95 millionar kroner i år. Øberg skildrar situasjonen som alvorleg.

- Vi skal sjå meir på kva vi driv med på dei ulike stadane og vi må drive betre. Vi må ned på kostnadane våre, og det er ikkje tvil om og eit absolutt krav frå eigar og regjeringa at vi skal styre etter budsjettet, seier Øberg.

Må sikre tilbodet

I Lærdal har ikkje aksjonistane gjeve opp håpet om at fødetilbodet iallefall blir som i dag.

- Dersom dei raudgrøne meiner alvor med dei løfter som er gjeve både i førre runde og denne runda, så må dei sikre at vi får behalde fødetilbodet i Indre Sogn, seier Øien Hauge.