Hopp til innhold

Ingenting sett av til skipstunnel

Skuffelsen er stor hos forkjemparane, etter at regjeringa ikkje har prioritert pengar til Stad Skipstunnel i 2010.

Stad skipstunnel, Kjødepollen - illustrasjon

MISNØGD: Stad Skipstunnel ligg ikkje inne med midlar i framlegget til statsbudsjett for 2010. Forkjemparane er skuffa.

Foto: NORDWEST3D

Les også: Dette betyr budsjettet for deg

- Det er litt skuffande, sjølv om vi no har gledd oss over at det er sett av 200 millionar i Nasjonal transportplans andre periode frå 2015 til 2019. Men no når kvalitetssikringa skal vere like rundt hjørnet, så var det forventa at det også var teke litt høgde for nye løyvingar over statsbudsjettet, seier styreformann Jan Helgøy i Stad Skipstunnel.

Ikkje nøgd med framlegget

Han er lite nøgd med at skipstunnelen ikkje får løyvingar i framlegget til statsbudsjett for 2010.

Les óg: Starta på skipstunnelen

Les óg: - Nytt håp for skipstunnelen

- Beklageleg

Med lovnaden om 200 millionar kroner i startløyving, meiner Helgøy at regjeringa no burde ha markert ei tunnelsatsing med meir pengar.

Lés meir: - Historisk dag for skipstunnelen

Det meiner også leiar Jarl Magne Silden i Sogn og Fjordane Fiskarlag.

- Eg synest det er veldig beklageleg at det ikkje er sett av midlar til vidareføring. Når kvalitetssikringa er ferdig i løpet av 2009, burde det ha stått midlar klart, slik at det er klart til å byrje arbeidet når prosjektet har vore behandla i Stortinget i 2010, seier Silden.