Hopp til innhold

Firer flagget for godt

Eit av Norges eldste reiarflagg vert no historie. Dei gamle Fylkesbaatane sin raude botn med svart kryss i ein kvit firkant er frå 10. oktober firt på alle Fjord1 Fylkesbaatane sine ferjer og hurtigbåtar.

Bilferja Gloppen.

Det nye og gamle flagget side om side.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Allereie i 2002, då Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane slo seg saman med Møre og Romsdal Fylkesbåtar til Fjord1 , vedtok styret å endre reiarflagg og profil. Årsaka var at det nye selskapet opererte ferjer og båtar i fleire delar av landet, og trengte ein sams profil. Det skriv Sogn Avis.

Venta til 150-års jubileum

Fjalir

Ein kan framleis sjå det gamle flagget måla på dei gamle ferjene.

Foto: NRK

Forklaringa på at det er teke så lang tid frå vedtak til handling, er at det var eit ønskje om å kunne bruke flagget ved 150-års jubileet i fjor. Fram til no har ferjene til Fjord1 Fylkesbaatane heist både det nye og gamle flagget.

Administrerande direktør i Fjord1, Stig Kristoffersen, vedgår at det heile er vemodig.

– Det har vore eit varemerke for mange. Både noverande og tidlegare tilsette har hatt dette som eit felles kjenneteikn. Men vi må føye oss etter det som er vedteke, seier han.

Ny profil

Men sjølv om flagget vert fira frå flaggstanga, er det framleis å finne måla på mellom anna baugen på dei gamle ferjene.

Den nye profilen til Fjord1 vert gradvis innført etter kvart som nye båtar og ferjer kjem inn i flåten, og etter kvart som eldre fartøy vert vedlikehalde. I Fjord1 Fylkesbaatane er det ferjene Vågsøy og Davik som har den nye profilen, med mørkeblått skrog og stor tydeleg Fjord1 logo. Det nye flagget består av tre farga felt. Øvst er det eit breitt raudt felt, og nedst er det eit smalare kvitt og blått felt.

MF Vågsøy

Den nye profilen til Fjord1

Foto: Terje Karlsen