Mange barnehageborn hadde teke turen til Kjøsnesfjorden.
Alle skuleelevane i Jølster hadde fått fri for å vere med på opninga.
Skuleelevane på veg på tunnelen.
Alle som ville fekk gratis sveler, kaker og kaffi.
Jølster Musikklag spelte.
Mange glade born hadde møtt fram.
Synnøve Bjørset kom ut av tunnelen medan ho spelta på fela.
Skeivasskoret song.
Vegdirektør Terje Moe Gustavsen, samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa og kommunalminister Liv Signe Navarsete stilte alle i bundad.
Det var omlag 1000 frammøtte ved tunnelmunningen i Kjøsnesfjorden.
Barnehageborna fekk utdelt sveler.
Programvert Finn Tokvam, Jan Roger Klakegg og Anne Kvellestad Klakegg. I 2003 mista Jan Roger begge beina etter at han vart teken av ras i Kjøsnesfjorden
Åshild Kjelsnes, Clara Øberg, Knut Henning Grepstad og Nils Gjerland var også tilstades.
Finn Tokvam snakkar med David og Roar Himle. Dei to vart sperra inne av raset som gjekk 14. november 2004.
Ola Søgnesand i aksjonsgruppa viser kommunalministeren kvar han bur.
Christina Kudsen frå Jølster var mellom artistane som opptredde.
Regionvegsjef Olav Ellevset, vegdirektør Terje Moe Gustavsen, Jan Roger Klakegg, Anne Kvellestad Klakegg, kommunalminister Liv Signe Navarsete og samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa.
Borna dansa då Olav Stedje song.
Blomsterbarna William Kjelsnes og Mathea Førde Mosesen ventar i vinden på kongen.
Nokre av arbeidarane som har vore med på å lage tunnelen.
Åtte år gamle William Kjelsnes frå Vassenden skule helsar på kong Harald .
Kong Harald fekk blomster av Mathea Førde Mosesen, elev i 3. klasse ved Skei skule.
På veg mot opningsseremonien.
NRK-programleiar Birger Meland sendte opninga direkte i føremiddagssendinga.
Kong Harald skjærer av snora.
Og så var tunnelen opna...
Ein konge og to Sp-dronningar.
Knut Skurtveit og Agnar Bøyum frå politiet var også på plass.
Kortesjen skal køyre gjennom tunnelen.