Hopp til innhold

Sprang for flaggsaka

Hermund Kleppa sprang laurdag 16 km for å markere kva han meiner om at Fylkesbaatane-flagget ikkje lenger svaier i vinden.

– Det er det viktigaste merket i fylket. Det er eit merke på fellesskap og bind saman fylket – det har det gjort i 150 år, seier Kleppa.

LES: Firer flagget for godt.

Laurdag sprang han for saka. Turen gjekk frå Fatla til Hella i Leikanger. Kleppa stoppa, slik Fylkesbaatane gjorde i kommunen, ved Hermansverk, Leikanger (Hanahaug), Grinde og Hella, skriv Sogn Avis.

KVA MEINER DU? Ta debatten i kommentarfeltet under.

16 km i dårleg vêr

Løpeturen på 16 kilometer var ei markering av at han vil ha det gamle flagget til Fylkesbaatane opp i flaggstanga på ferjer og hurtigbåtar igjen.

Då NRK snakka med Kleppa i dag kan han fortelje at han kjenner turen i beina.

Eg er støl og stiv og har mest misst stemma.

Hermund Kleppa

Kleppa innrømmer at det nok var i lengste laget i forhold til formen, men at flaggsaka gav han eit godt påskot for ei treningsøkt.

Gjere som EU?

Eg er ikkje av dei som synst at alt gamalt som er godt, det må endringar til. Fylkesbaatane har vist evne til å omstille seg, men ein må òg ta med seg fundamentet vidare.

Han meiner flagget, skorsteinsmerket og namnet Fylkesbaatane må få følgje med i utviklinga av selskapet.

Sjølv om ein er ein del av eit konsern må ein kunne bevare identiteten.

På same måte som kvar nasjon i EU har sitt eige nasjonalflagg i tillegg til «konsernflagget» til EU, burde Fylkesbaatane kunne halde fram med sitt eige, meiner Kleppa.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Neste prosjekt vert t-skjorter

Det stoppar ikkje med ein løpetur, neste prosjekt er godt i gong. Snart vert det slepp av splitter nye t-skjorter på ei av ferjene, skriv Sogn Avis.

Kleppa seier sjølv han har fått tilbakemeldingar om at dette er ei god sak å ta opp.

Er du einig med Hermund Kleppa?