Hopp til innhold

45-åring frå Selje omkom

Det var den 45 år gamle Øystein Johan Losnegard frå Stadlandet som omkom i ei trafikkulukke natt til laurdag.

Ulukka skjedde på rv 55 ved Noreide i Høyanger like før midnatt. Mannen var åleine i bilen og ingen vitne skal ha sett kva som skjedde då bilen small i fjellveggen.

Helsevesen, brannvesen og politiet kom raskt til staden, men livet til mannen stod ikkje til å redde. Politiet etterforskar ulukka, men kan enno ikkje seier meir om årsaka til ulukka.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.