Hopp til innhold

Fylkesbaatane på Nytt på Nytt

Mange fekk nok både det eine og det andre i vrangstrupen då dei såg Nytt på Nytt fredag kveld.

Knut Nærum med fylkesbaatane-flagget på t-skjorta.

Knut Nærum (t.h.) hadde Erling Dokk Holm som gjest på sitt lag fredag kveld.

Foto: Oddleif Løset / NRK

For paneldeltakar Knut Nærum hadde på seg t-skjorta til aksjonen som vil heise til topps att det 151 år gamle fylkesbaatane-flagget. Fjord1 har bytta ut det gamle flagget, eit av Norges eldste reiarflagg, med eit nytt og moderne.

- Vi var hos naboen og åt rakfisk då tekstmeldingane hagla inn om at t-skjorta var på Nytt på Nytt. Hivde alt i frå oss og sprang inn og slo på TV'en, fortel Henning Rivedal som før jul sende t-skjorta til Nærum.

- Fint flagg

T-skjorta vart sendt saman med ei oppmoding om å bruke den når det måtte passe. Og fredag kveld, i årets første Nytt på Nytt , vart flagget kringkasta til 1,2 millionar sjåarar av programmet som på humoristiks vis ser på nyhendesakene siste veka.

- Det var eit fint flagg, og så leste eg brevet om at dette fine flagget skal bli borte fordi at det som før var mange skal bli ein, og at det som var gammalt og fint skal erstattast av noko som er nytt og rart. Då tenkte eg at dette er nostalgisk og eg støttar alt som er gammalt og rart, og omstendeleg, og gjerne unødvendig dyrt, fortel Nærum.

- Nostalgisk sak

Saman med Linn Skåber, er Nærum fast lagleiar i humorprogrammet med Jon Almaas som los. Han fortel at han ikkje tvilte på om han skulle gå med t-skjorta.

- Eg sette meg ikkje heilt inn i saka, men for meg virka det som noko eg kunne gå med utan å løpe det "ondes ærend". Eg passar meg for tunge politiske saker. I dette tilfellet virka det som ei hyggeleg og nostalgisk venneleg sak som engasjerer, seier han.

- Bruker dei flottaste

Nærum får tilsendt store mengder t-skjorter som folk håpar å sjå att på TV-skjermen. Men det er langt frå alle som når gjennom nålauget.

- Eg får såpass mange at eg må velje. Eg får mykje fint, mykje rart og T-skjorter der folk har trykt bilete av hunden sin på ei skjorte. Det er folk med sak eller log som dei vil få fram, og då let eg meg nesten bruke som ei nikkedukke, ler han.

- Men det er dei aller flottaste eg brukar på TV, legg Nærum til.

- Hadde ein sjanse

Og i årets første Nytt på Nytt var det T-skjorta med det gamle flagget til Fylkesbaatane som nådde gjennom. Ideen kom medan dei planla aksjonen på Hella før jul. Sidan har aksjonistane kryssa fingrane og venta i spenning.

- Faktisk hadde eg veldig sterk kjensle av at t-skjorta var slik at ho hadde sjanse til å kome inn, fortel Rivedal.

Fekk bestillingar

Responsen etter TV-programmet i beste sendetid fredag, har vore stor. Rivedal fortel om fleire bestillingar på T-skjorte, og like mange, mellom 10 og 20, gratulasjonar og helsingar frå observante tv-sjåarar.

- Eg har endå til fått helsingar frå toppleiinga i fylkesbaatane og takk for god marknadsføring, ler Rivedal og meiner at kringkastinga både er ein siger og stadfesting på at aksjonen er liv laga.

- Kjempesiger

- Ville vise at fylkesbaatane er ei fantastisk sterk merkevare, og synd og skam og tanketomt at dei har greve ned dette flagget som er den sterkaste merkevara Sogn og Fjordane har, seier Rivedal.

- At Nærum brukte t-skjorta i programmet er ein kjempeprestisjesiger og det viser at det er ei sak som faktisk er så sterk og flagget sin effekt er så sterk at det har riksdekkande nedslag. Det er ei kjempevitamininnsprøyting for oss og alle som er med og støttar, held han fram.

- Det er kult

Aksjonen går godt ifølgje Rivedal. Til no har dei kring 1 800 medlemer på Facebook-gruppa, og fleire hundre har støtta opp om ein underskriftskampanje på Internett. Dei har også seld over 400 t-skjorter. Snart kjem også pins og luemerke. Sjølv om reiarlaget ikkje vil ta opp att saka , vil aksjonen halde fram.

- Dette viser at det ikkje berre er "to gamle gubbar som er opptekne av nostalgi". Det er like mykje ungdom som meiner dette er kult. Vi hadde ein 15 åring som skrapa saman lommepengane sine fyrst og kjøpte stand. så kom mora og skull ehandle og då loppa han henne for penger og kjøpte fire til, fortel Rivedal.