07.02.2012

Prøv deg på dagens rebus

Rebus (Foto: Illustrasjon: Heidi Lise Bakke/NRK)

TRE - T + BUSS-S=REBUS

Foto: Illustrasjon: Heidi Lise Bakke/NRK

Kvar dag presenterer vi ein ny rebus i radioen og på nettsida vår der svaret blir eit stad- eller etternamn i Sogn og Fjordane. Send inn svaret og du kan vinne eit fint NRK-krus.

Veit du svaret? Send inn, og du kan vinne eit NRK-krus. Siste frist er midnatt den dagen oppgåva vert lagt ut.

Oppgåva vert også presentert i morgonsendinga til NRK Sogn og Fjordane først omlag klokka 06.45, og deretter også om lag klokka 07.50. Vi trekkjer ut to vinnarar kvar dag, ein på radio og ein på nett.

  • PS: Rebusen til NRK Sogn og Fjordane har teke sommarferie frå og med 14. juni.

Tidlegare rebusar, svar og vinnarar:

Rebusen 10. juni: Karakter + griseansikt - vokal

Vi skulle fram til Stryn i den siste rebusoppgåva før sommarferien. Vigdis Greftegreff frå Roa kan vente seg ein NRK-premie i posten. Aslaug Balsnes frå Nordfjordeid hadde sendt inn rebusen.

Rebusten 9. juni: Fisk + vokal + sluket

Det var Knut Hovden frå Selje som sendte inn rebusen, der Sildegapet var rett svar. Dette visste Signe Lefdal Hove frå Leikanger. Premie kjem i posten.

Rebusen 7. juni: Ert + dobbel konsonant + null

Riktig svar er Frønningen og vinnar er Torbjørg Lefdal frå Lefdalsbygda i Kjølsdalen. Rebusen er sendt inn av Hildny Marit Grindedal frå Feios.

Rebusen 6. juni: Fostre opp + konsonant + personleg pronomen

Førde-kvinna Anne Nedrebø hadde sendt inn ein rebus med svaret Førde. Det visste Gerd Husevåg frå Husevåg som får premie i posten.

Rebusen 3. juni: Kan + selskap + gutenamn

Riktig svar på rebusen vi hadde fått av Inger Astrid Bolstad Røyrvik frå Vik var Veitastrond. Jorunn Tennefoss frå Balestrand får premie i posten.

Rebusen 31. mai: Rovfugl + elv

Oddrun Bruland frå Førde var mellom mange som kom fram til at Inger Johanne Liabø sin rebus leia oss til Haukå. Premie er på veg i posten.

Rebusen 30. mai: Drikk + gen

Det var Idun Egge Nilsen frå Loddefjord som sendte inn denne nøtta. Vi skulle fram til Vingen, noko Helene Ødegård frå Flatraket visste. Premie er på veg i posten.

Rebusen 27 mai: Dyr + drikke + konsonant

Her var løysinga Luster. Klas Nord frå Nordfjordeid blei trekt ut som dagens vinnar. Rebusen var sendt inn av Ørjan Aven frå Førde.

26. mai: Retning + tetningsstoff + konsonant

Rett svar på rebusen var Oppstryn. Dagfinn Rosø frå Nordfjordeid vart trekt ut som vinnar.

24 mai: Barm + konsonant + fugl

Svaret skulle denne gongen vere Bringeland. Vi trekte ut Judith Solheim frå Årdalstangen som vinnar blant dei mange som hadde rett svar. Evelyn Skjerdal frå Hestenesøyra hadde sendt inn oppgåva.

23. mai: Rusten + pinne + kvinne - dyr

Rett svar på rebusen til Odd Perry Pedersen, var Håsteinen. Dette visste Oddrun Bruland frå Førde. Premie kjem i posten.

20. mai: Gjevt å få i hatten + rike

Det rette svaret på denne rebusen var Fjærland, og oppgåva var send inn av Wenche Loen frå Loen. Vi trekte ut Martin Flore Frøholm frå Stryn som vinnar av eit NRK-krus.

19. mai: Gutenamn + bukt

Rett svar på denne rebusen er Eivindvik. Dagens krus blir sendt til Rakel Lovise Hetlevik Hagen på Hauglandshella. Oppgåva var sendt inn av Turid Finne Christensen.

16. mai: Heilag + rykte + nr. 14

Vi skulle fram til Stryn. Oppgåva var sendt inn av Torhild Kleppe, og vi trekte ut Steinar Skaaden Felde frå Sandane som dagens vinnar.

13. mai: Kokekar - e + by + kroppsdelen

Her skulle vi fram til Kjelstadnakken. Oppgåva var sendt inn av Dagfinn Vassstrand. Premien går til Margrethe Ravndal i Førde.

12. mai: Fisk + el + artikkel

Rett svar her er Skatestraumen. Dagens heldige vinnar er Sigrid Sandøy Horne frå Naustdal. Denne rebusen var sendt inn av Irene Potornai.

10. mai: Han - konsonant + dobbel konsonant + vik

Riktig svar er Naddvik og rebusen er sendt inn av May-Liss Fanebust frå Tysse. Vinnar er: Grethe Anita Holand i Bodø.

9. mai: Promoen + sjukdom + springaren

Rebusen fekk vi med Odd Perry Pedersen frå Volda og rett svar var Kvamshesten. Audun Bruland frå Førde får premie i posten.

6. mai: Rusk + mindre enn to (bokmål)

Vi skulle fram til Loen i denne rebusen. Karin Sagerøy frå Hafslo blei trekt ut som vinnar. Oppgåva hadde vi fått frå Martin Flore Frøholm frå Stryn.

5. mai: Parti + strøm + arvefaktor

Rett svar denne gongen var Svelgen. Vi trekte ut Audun Bruland frå Førde som vinnar av ein NRK-premie. Oppgåva hadde vi fått frå Helga Hesjedal i Øvre Årdal.

3. mai: Yr + vokal + bukta

I denne oppgåva skulle vi fram til Villevika, og oppgåva fekk vi frå Marianne Sætre Geitrheim frå Leikanger. NRK trekte ut Gunn Kjersti Bårdgard frå Fardal som dagens vinnar.

2. mai: Insekt + spørjeord + konsonant

Den første rebusen i mai leia oss til Flugekvam. Dette visste Ragnhild Hovlandsdal frå Guddal. Rebusen var sendt inn av Eldbjørg og Leif Vinsrygg i Stryn.

29. april: Kjakane + sletta

Rebusen er sendt inn av Ragnhild Solbakk frå Førde. Riktig svar er Kinnaheia. Vinnar er Tordis Sande frå Rygg i Gloppen.

28. april: På foten + vokal + Odden

Denne rebusen førte oss til Lestoneset i Selje kommune. Rebusen var sendt inn av Thor Ø. Larsen frå Selje. Dette visste mellom andre Tove Hoddevik frå Selje, som er trekt ut som vinnar av nettrebusen.

26. april: Leikar + amerikansk filmstjerne - vokal

Rebusen var sendt inn av Knut Leirpoll frå Oslo. Rett svar var Olden. Dette visste Borgny Urtegård Alme frå Hafslo. Premie kjem i posten.

19. april: På børsen - konsonant + steinen

Riktig svar på rebusen vi hadde fått frå Karin Takle frå Brekke var Krakhella. Det visste Kirsten Adny Nessestrand frå Balestrand som får premie i posten.

18. april: Grus + opphav

Vi skulle fram til Sandane i denne oppgåva, som vi fekk frå Guri Hoddevik frå Gloppen. Vi trekte ut Leiv Sætre frå Brekke som vinnar av ein NRK-premie.

15. april: Fisk + grunn

Rebusen som var sendt inn av Ørjan Aven i Førde, førte oss til Langeland. Dette visste Helga Marit Søvde frå Fardal. Premie kjem i posten.

14. april: Retning + dyr på bokmål

Rett svar på rebusen til Elin Flore frå Stryn, var Utvær. Aksel Lefdal Bere frå Voss vart trekt ut som vinnar av nettkonkurransen.

12. april: Treslag + vokal + plass

Rebusen var sendt inn av Idun Egge Nilsen frå Loddefjord og svaret vi skulle fram til var Hyllestad. Bjørn Teigen frå Nannestad får premie i posten.

11. april: Tid + søkk + konsonant + verkty + personleg pronomoen på bokmål

Det var Hildny Marit Grindeda som hadde sendt oss rebusen, der svaret vi skulle fram til var Årdalstangen. Gerd Byrkjeland frå Askvoll er trekt ut som vinnar.

8. april: Is + flokk - e + eksistere

Staden vi skulle fram til er Bremanger. Elin Lehtiniemi frå Sagvåg er trekt ut som vinnar. Pål Steinar Green frå Vik hadde sendt oss denne oppgåva.

7. april: Fisk + gir lys + talord på bokmål

Riktig svar er Skatestraumen. Vinnar er Anny Marit Vinda frå Øvre Årdal. Leif Vinsrykk frå Stryn har sendt oss denne oppgåva.

5. april: Fugl + vokal + mellom fjell + konsonant

I rebusen, som var sendt inn av Kåre Lien i Førde, skulle vi til Haukedalen. Dette visste Cecilie Stubseid frå Årdalstangen. Premie kjem i posten.

4. april: Fredsteikn + vokal + konsonant + bustad

I rebusen til Irene Larsen frå Os, skulle vi fram til Vadheim. Dette var det fleire som visste, mellom andre Eldbjørg Skarstein frå Olden som er vinnaren av nettrebusen. Premie kjem i posten.

1. april: Dyr - vokal

I denne oppgåva skulle vi til Hyen. Det visste Kirsten Adny Nessestrand frå Balestrand.

31. mars: Periode + søkk

Svaret på denne oppgåva var Årdal. Innsendar var Jon A. Kalstad frå Førde. Vi trekte ut Elin Hop frå Årdalstangen som dagens vinnar.

29. mars: Dyr - konsonant + plass

Her skulle vi fram til Gimmestad. Jorunn Tennefoss frå Balestrand blei trekt ut som dagens vinnar. Rebusen var sendt inn av Karin Takle frå Brekke.

28. mars: Fugl + pynt + knekt

Per Orheim frå Stårheim får dagenes premie. Han var ein av mange som visste at vi skulle fram til Kråkenes fyr. Rebusen var sendt inn av Asbjørn Lidal.


25. mars: Husdyr + dyrunge + hokjønn + pronomen

Riktig svar er Kyrkjeeide. Vinnar er : Anne Nedrebø i Førde. Rebusen er sendt inn av Margaret Skåre.

24. mars: Dyr + tue

Riktig svar er Lambhaug og vinnar er Lasse Gallefoss. Rebusen er sendt inn av Oddveig Melås frå Sogndal.

22. mars: Reise + gripe + nissemat - konsonant

Løysinga på denne rebusen er Turtagrø. Laila Hovlandsdal frå Kyrkjebø er trekt ut som vinnar. Oppgåva var sendt inn av Tove Mette Beheim frå Årdalstangen.

21. mars: Fem + null

Vingen var rett svar på denne rebusen. Ann Helen Kvamen frå Viksdalen er trekt ut som vinnar. Rebusen var sendt inn av Gunnvor Myklebust.

18. mars: Egen + 2 konsonantar + ocean + spis

Rett svar var Stadhavet i rebusen som var sendt inn av Knut Hovden frå Selje. Solveig Bryhn Vallestad frå Viksdalen er trekt som vinnar av nettkonkurransen. Krus kjem i posten.

17. mars: Spørjeord + konsonant + dyr - vokal

Rebusen fekk vi av Oddborg Hellebø Klævold frå Kyrkjebø, og svaret var Kvamsøy. Det visste mellom anna Helge Aril Bolstad frå Dalekvam som får premie i posten.

15. mars: Konsonant + ul + redd + odde

Rebusen fekk vi av Marianne Hjortland frå Vik i Sogn og rett svar var Sylvarnes. Grethe Guddal i Oppstryn kan vente seg premie i posten.

14. mars: Tre + påle + artikkel

Riktig svar var Seljestokken og det visste Arne Helge Sølvberg frå Naustdal som får premie i posten. Rebusen fekk vi av Åse Rosø på Nordfjordeid.

11. mars: Dyret + mann

Denne gongen skulle vi fram til Geita fyr, og rebusen var sendt inn av Målfrid Norheim frå Høyanger. Vi trekte ut Karin Sagerøy frå Hafslo som vinnar.

10. mars: Ballmottak + holme

Rebusen fekk vi av Kari Hollvik Tellevik og riktig svar var Måløy. Marit Solvik frå Hornindal får premie i posten.

8. mars: Moromann + null

Svaret vi skulle fram til var Klovningen, og den rebusen hadde vi fått frå Arne Henriksen i Høyanger. Vi har trekt ut Jahn Helge Brodersen i Kristiansand som vinnar.

7. mars: Pronomen + lekamsdel + elv + dobbel konsonant + bokmålsartikkel

Renathe Hetlevik frå Hauglandshella får dagens premie. Ho hadde funne ut at rett svar er Deknepollen. Kristin Sælen frå Sandane hadde sendt inn rebusen.

4. mars: Jord + veks + grip + konsonant

Løysinga på denne oppgåva er Moldestad. Vi har trekt ut Guro Haugen Ødegård frå Flatraket. Rebusen hadde vi fått frå Magnus Ravnestad.

3. mars: Drikke + vokal + kroppsdelen

Vi skulle fram til Vatnahalsen. Rebusen var sendt inn av May Liss Fanebust frå Årland. Åge Lereim frå Sogndal kan vente seg ein NRK-premie i posten.

2. mars: Nådegjerning + konsonant + ekteskapssymbol

Rett svar på denne oppgåva var Befring, og rebusen fekk vi frå Kåre Lien i Førde. Vi trekte ut Kari Brith Bårgard som vinnar.

1. mars: Norrøn gud + pronomen + bukt

Denne rebusen har vi fått frå Idun Egge Nilsen frå Loddefjord. Riktig svar var Hoddevik, og vinnar er Aud Irene Solhaug frå Leirvik i Sogn

28. februar: Dyr + utstikkar

I dag skulle vi fram til Simlenes. Rebusen var sendt inn av Jenny Johnsen frå Aurland. Den som vart trekt ut som vinnar, er Signe Lefdal Hove få Leikanger. Premie kjem i posten.

25. februar: Korn + trongt farsund

Rett svar på denne rebusen er Rugsund. Vi har trekt ut Else Tømmerbakke frå Straumsnes. Rebusen var laga av Toril Berg frå Florø.

24. februar: Skinn + mellom to fjell + konsonant + holme + smerte

I rebusen til Kirsten Adny Nessestrand frå Balestrand skulle vi fram til Lærdalsøyri. Klara Fanevik i Florø er trekt ut som vinnar og får dagens krus.

23. februar: Bolle + vokal + bygning + artikkel

Rett svar på denne er Skålatårnet. Julia Bruheim i Øvre Årdal vart trekt ut som vinnar. Rebusen hadde vi fått frå Knut Helge Urtegård Haugen frå Loen.

22. februar: Vannfall + tuene

Her skulle vi fram til Fosshaugane. Bjørn Magne Dombestein frå Nykirke vart trekt ut som vinnar. Krus kjem i posten. Rebusen var laga av May-Liss Fanebust i Tysse.

21. februar: Moro + skuldkjensle

Rett svar på denne rebusen er Leikanger. Det var Turid Finne Christensen frå Vik i Sogn som hadde sendt den inn. Dagens heldige vinnar er Unni Silden Hennøen frå Deknepollen.

18. februar: Gate + gripe + konsonant + gutenamn

I rebusen til Ørjan Aven i Førde skulle vi til Veitastrond. Dette visste Fredrik Kvame frå Oldedalen. Premie kjem i posten.

17. februar: Ungdyr + elv + konsonant

Vi skulle fram til Kalvåg i denne oppgåva, som var send inn av José Rockland frå Lærdal. Harald T. Bjørkum frå Lærdal får eit NRK-krus i posten.

16. februar: Vegard + Bård + dyrkingsområde

Rebusen var send inn av Arne Henriksen i Høyanger og svaret vi skulle fram til var Ylvisåker. Vinnaren er Astrid Nyhammer frå Eivindvik som får premie i posten.

15. februar: Leve + ap

Løysinga på rebusen var Buskøy, og oppgåva var send inn av Kari Hess Tistel frå Vik. Vi trekte ut Renathe Hetlevik frå Hauglandshella som vinnar av eit NRK-krus.

14. februar: Trykkje ut + pronomen + spørjeord på dialekt

Vi skulle fram til Verpevika. Rebusen vart sendt inn av fire damer på dagavdeling for eldre i Florø. Bjørn Teigen frå Nannestad vart trekt ut som dagens vinnar.

11. februar: Bokstaven C

Denne gongen var riktig svar Førde. Rebusen vart sendt inn av Tor Holsen frå Holsen, og vi har trekt ut Laila Håland frå Balestrand som vinnar.

10. februar: Nådegjerning + konsonant + ekteskapssymbol

Vi skulle denne gongen fram til Befring. Det var Kåre Lien frå Førde som hadde sendt inn rebusen. Vinnar av nettrebusen vart Eli Siv Ytre-Hauge frå Bremanger.

9. februar: Tor + kløft

Det var Jon A. Kalstad frå Førde som hadde sendt inn denne rebusen. Guri Hoddevik frå Sandane var mellom dei mange som visste at vi skulle fram til Guddal. Premie kjem i posten.

8. februar: Eigen + frosen + vokal + stryket

Vi skulle denne gongen fram til Stakaldefossen, og vi trekte ut Kari Stokkebekk frå Naustdal mellom dei mange som hadde rett svar. Rebusen var sendt inn av Kari Hauge frå Førde.

7. februar: Fisken + konsonant + herme + konsonant

Løysinga på rebusen var Sildagapet. Oppgåva var send inn av Knut Hovden frå Selje. Magne Nydal frå Nordfjordeid vart trekt ut som dagens vinnar.

4. februar: Beskyttelse + tall

Vi skulle fram til Skjolden i rebusen, som var sendt inn av Halvard Johan Bolstad. Vi trekte ut Kåre Brede som vinnar av eit NRK-krus.

3. februar: Måleining + tresort + lapp + nr. 14

Denne gongen skulle svaret vere Barlindbotn. Rebusen var sendt inn av Odd Perry Pedersen frå Volda. Vi trekte ut Magnhild Solbakk Hatleseth frå Eikefjord som dagens vinnar.

2. februar: Fugl - vokal + mellom fjell + artikkel

Svaret på denne rebusen var Stardalen, og vi trekte ut Olaug Lillebø frå Måløy som vinnar av eit NRK-krus. Oppgåva var sendt inn av Aslaug Liabø Balsnes.

1. februar: Preposisjon + plass

Vi skulle fram til Fortun i denne oppgåva, som var sendt inn av Margreta Rygg Sandvik. Vi trekte ut Per Harald Kjøde frå Selje som vinnar blant dei mange med rett svar.

Kommentarsystemer er levert av DISQUS. NRK står ikke ansvarlig for misbruk av Disqus gjennom andre installasjoner enn på NRK.