Hopp til innhold

På randa av ny konkurs

Dyervennelg sirkus på randen av konkurs.

Jan Ketil Smørdal

Jan Kjetil Smørdal satsa friskt med sirkus utan dyr i 2009. Men sjølv om dyrevernarar likte sirkuset, var det ikkje mange som fann vegen til sirkusteltet i fjor. Dermed er det lite pengar i kassa til kreditorane som ventar på pengane sine.

Foto: Larsen, Annemor / VG

Circus Agora la om heile stilen i fjor og kutta ut alle dyr i sirkusmanesjen.Dyrevernarar gledde seg over utviklinga i sikrusteltet, men publikum uteblei.

Konkurs eit alternativ

Åpningsnummeret Cirque du Soleil

Cirque du Soleil

Foto: Indrek Galetin (EBU) / Alain Douit (EBU)
Cirque du Soleil

Cirque du Soleil

Foto: NRK
Cirque du Soleil under ESC-prøvene

Cirque du Soleil

Foto: Sara Johannessen / SCANPIX
Elefanter

Å ikkje å dyr på sirkus viste seg å ikkje vere lurt.

Foto: NRK

Dermed ser det dårleg ut for sirkuset no.

Det er fleire kreditorar som har beløp dei ventar på frå sirkusdirektør Jan Kjetil Smørdal.

Smørdal orsakar at sirkuset no sit med betalingsvanskar, og han ber kreditorane gå med på ein frivilleg akkord.

- Alternativet er å slå oss konkurs. Men det er eit alternativ som neppe vil gje kreditorane økonomisk utteljing, meiner Smørdal.

Mangla elefant


Då sirkuset vitja Sør-Helgeland i august i fjor kom ikkje publikum. Brønnøy kommune er no ein av fleire kreditorar som har fått informasjonsbrev frå Smørdal der han ber dei ha tolmod med pengane.

Han forklarar at sesongen utan dyr var den aller første for sirkuset, og at publikum har reagert negativt på dette, skriv banett.no .

Akrobatar dårleg butikk

I staden har sirkuset satsa på artistar frå det verdskjende canadiske artistsirkuset Cirque de Soleil.

- Erfaringane våre seier at vi ikkje kan ta omsyn til aktivistar som ikkje ønskjer sirkus utan dyr. Vi må halde fram kampen vår for å halde på det tradisjonelle sirkuset med dyr. Og ingen kan ta frå oss at vi har gjort eit forsøk, skriv han i brevet til kommunen.