Hopp til innhold

Dømd for valdtekt av stedottera

Ein mann frå Sogn og Fjordane er dømd til fengsel i tre år og seks månader for overgrep og valdtekt mot ei seks år gamal jente.

Fjordane tingrett har også dømd mannen til å betale ei erstatning på 100 000 kroner til jenta.

Nektar straffskuld

Retten meiner mannen i 30-åra ved to høve gjennomførte samleie med den då seks år gamle jenta, og at han utførte seksuelle handlingar med henne medan mora var vekke frå heimen. Mannen skal også ha vist pornografiske filmar til jenta.

Då jenta fortalde om overgrepa til mor si vart helsesøster, barnevern og politiet kopla inn raskt.

Det var riksadvokaten som gav ordre om å ta ut tiltale mot mannen, noko som understrekar alvoret i saka. Riksadvokaten tek ut tiltale i dei mest alvorlege straffesakene.

Men mannen nektar straffskuld, og forsvararen hans krevde i retten at mannen skulle frifinnast.

21 års strafferamme

Strafferamma for slike saker er 21 år, men det er omstenda ved sjølve handlingane som avgjer kor lang ei eventuell fengselsstraff blir.

Aktor la ned påstand om fengsel i fire år for mannen, men tingretten meinte det var for strengt. Dermed vart straffa sett til tre år ogs seks månader.