Hopp til innhold

88-åring døydde etter brann

88-åringen som var i huset då det byrja å brenne døydde av skadene.

Brann i Årdal

Huset har fått store skader etter brannen i Øvre Årdal i natt.

Foto: Ole Ramshus Sælthun / NRK

Det var den 88 år gamle Arne Seim frå Øvre Årdal som omkom etter brannen i natt til fredag. Det kan politiets operasjonssentral stadfeste.

88-åring var i huset i Øvre Årdal då det byrja å brenne, og han døydde av skadene han pådrog seg. Det opplyser AMK Førde.

(ARTIKKELEN HELD FRAM UNDER BILETET)

Brann i Øvre Årdal

Den 88 år gamle mannen som var i huset då det tok til å brenne døydde kort tid etter at han kom til Førde sentralsjukehus.

Foto: Siren Svortevik

Henta av røykdykkarar

Mannen vart frakta til Førde sentralsjukehus med luftambulanse. Han døydde kort tid etter at han kom til sjukehuset.

Det var røykdykkarar som henta mannen ut av det brennande huset natt til fredag. Mannen var i andre etasje i huset då brannen starta.

Kvinna i 80-åra som også var i huset då det byrja brenne er no på sjukehuset i Lærdal.

Kjenner ikkje brannårsaka

Alarmsentralen fekk melding om brannen klokka 00.54. Flammane skal då ha stått ut av vindauga i 2. etasje.

Men politiet veit førebels lite om årsaka til brannen.

– Årsaka kan ein ikkje seie noko om endå. Det vil bli etterforska vidare av Årdal lensmannskontor. Politiet har endå ikkje vore inn i bygget for å undersøkje nærmare, seier operasjonsleiar Inge Verøy ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Brann i Øvre Årdal

Brannteknikarar skal i dag prøve å finne årsaka til brannen.

Foto: Ole Ramshus Sælthun / NRK