Markering mot asylpoltikken
Over 400 personar møtte opp i Førde for å protestere mot regjeringa si behandling av asylborn.
Publisert 16.02.2010 05:54. Oppdatert 16.02.2010 08:11.
- Skriv ut
Raudgrøne politikarar har den siste tida gjort opprør mot regjeringa sin asylpolitikk. Måndag kveld var det folket sin tur.
Elevane fortalde
Under ei markering i Førde møtte born og vaksne mannsterke opp og gjekk i fakkeltog. Bodskapen var at rettane til born ikkje blir godt nok ivaretekne og at barnekonvensjonen ikkje blir teken på alvor. I Førdehuset fortalde 3. klassingane ved Førde barneskule at Norge har lova å ta omsyn til barns beste.
- I 2003 vart barnekonvensjonen gjort til norsk lov. Stortinget bestemte at barnekonvensjonen skulle stå over alle andre lover, fortalde ein elev.
- Vi aksepterer mykje
Ordførar Nils Gjerland (Sp) gjekk i appellen sin til kraftig åtak mot si eiga regjering sin asylpolitikk. Bakgrunnen for aksjonen er mellom anna at Jawana (15) og Ilda (8) må returnere til heimlanda Sri Lanka og Kosovo.
- LES OGSÅ: Ordføraren kjempar for Jawana
- Vi aksepterer mykje. Vi aksepterer mykje overformynderi i vårt land, men det går også ei grense. Omsynet til våre etterkommarar, våre born og barneborn, skal gå føre det meste, sa Gjerland.
Samla underskrifter
Også elevrådsrepresentantar ved Hafstad, Øyrane og Mo og Jølster vidaregåande skular er usamde med asylpolitikken som blir ført i dag.
Dei har samla inn over 400 underskrifter som skal sendast til Statsminister Jens Stoltenberg.









Protesterte mot asylpolitikken















Brutalt rana heime i eige hus
Queen Mary 2 vitja Aurlandsfjorden