21.05.2012

Slalåmjenter kapra pallen på heimebane

Førre gong rennet vart arrangert i fylket var dei knapt fødde.

FIS Vestlandscup

Bakken - FIS-renn Jølster
Foto: Mari Langva/NRK
  • Internasjonal cup
  • Arrangerast i Jølster og på Voss 24.-28. februar 2010
  • Fem renn med slalåm og storslalåm

– Eg trudde ikkje eg skulle få det så bra til, stråler Drude Aarnes Søgaard frå Stryn. Andreplassen i juniorklassen kom som ei hyggeleg overrasking på 16-åringen.

Tredjeplassen blant juniorjentene gjekk til 15 år gamle Soldis Årseth frå Jølster. Ho synest det var spesielt kjekt å gjennomføre FIS-rennet på heimebane.

– Det er god stemning her og mykje folk. Det er kjempekjekt å vere her i dag, seier jølstringen. Blant alle deltakarane i kvinneklassen kom ho på ein 10. plass, medan Drude Aarnes Søgaard kom på 6. plass.

FIS-renn Jølster (Foto: Mari Langva/NRK)

NØGDE: Dei gode resultata var over alle forventingar for Soldis Årseth og Drude Aarnes Søgaard.

Foto: Mari Langva/NRK

– Viktig renn

Også for arrangørane var det god gli i Bjørkelia. Det er første gong det internasjonale rennet blir arrangert i Jølster, og 15 år sidan Sogn og Fjordane sist var arrangør. Rennleiar Atle Hamar synest gjennomføringa var så godt som smertefri.

– Når vêret er bra og ting fungerer, så er det flott. Dette er eit renn som er viktig for Sogn og Fjordane fordi det gir våre unge FIS-løparar ein sjanse til å prøve seg. I store FIS-renn er det ikkje alle som kjem med, seier initiativtakaren.

Gode forhold

Tilbakemeldingane var gode både på bakke og føre etter det første rennet i Vestlandscupen var overstått.

– Bakken er bra og underlaget held godt. Vi får mykje skryt frå tilreisande trenarar og lagleiarar, og det er kjekt, seier Atle Hamar.

Dei lokale stjernene kunne stadfeste at bakken var tilfredsstillande.

– Løypa er veldig bra og det går ganske fort. Og så er underlaget bra, dei har trakka godt, seier Soldis Årseth ivrig.

FIS-renn Jølster (Foto: Mari Langva/NRK)

NYE UTFORDRINGAR: Jentene gjer seg klare for flere renn i Jølster og på Voss.

Foto: Mari Langva/NRK