Hopp til innhold

Tarjei Bø går for gull

Stryningen Tarjei Bø er så klar som han kan vere framfor skiskyttarstafetten i OL fredag kveld.

Tarjei Bø
Foto: Tobias Röstlund / Scanpix

Andre etappe

Debutanten på det norske laget skal gå andre etappe, mot løparar som Daniel Mesotitsch frå Austerrike, Vincent Defrasne frå Frankrike, Andreas Birnbacher frå Tyskland, Anton Sjipulin frå Russland og Carl Johan Bergman frå Sverige.

21-åringen får klappet på skulderen av den nesten dobbelt så gamle lagkameraten Halvard Hanevold, medan Emil Hegle Svensen og Ole Einar Bjørndalen går dei to siste etappane.

– Fortener plassen

Til nrk.no seier Tarjei Bø at han meiner at han fortener plassen på laget . Og han har full tillit frå lagkameratane og den norske lagleiinga.

På kinolerret i heimbygda

Og heime i Stryn sit mange av sambygdingane benka framfor kinolerretet i Stryn kulturhus når den lokale helten går for det gullet som mange meiner det norske laget er godt nok til å ta. Det er plass til over 300 i salen, og det er grunn til å vente stor stemning og engasjement når Tarjei Bø siktar seg inn på blinkane.