Hopp til innhold

Bjørnen er framleis i området

Eit søk med helikopter har avgjort at bjørnen ikkje har teke turen over breen.

Politiet har sperra av vegen
Foto: MMS-foto: Torbjørn Fardal / NRK

Politiet åtvarar folk mot å ferdast i området. Det skal og vere høyrt skot der i morgontimane. 

- Vi har ein person oppe i Krundalen som gjev informasjon på ulike språk til turistane. Folk blir innstendig oppfordra til ikkje å leggje turen til området, seier lensmann i Luster, Asle Karoliussen.

Varmesøk utan resultat

Det er no utført søk over området med varmesøkjande kamera frå helikopter. Det gav ikkje nokon konkrete resultat anna enn at ein no veit bjørnen ikkje har teke turen over breen.

Tett lauvskog gjorde at ein ikkje fekk noko effekt av det varmesøkjande kameraet.

Bjørn på streif 

Politiet har sperra av vegen
Foto: MMSfoto: Torbjørn Fardal

 Det var i natt at politiet fekk inn ei anonym melding om at ein bjørn skal vere skadeskoten i Jostedalen i natt.  I slutten av juni vart det gitt fellingsløyve på bjørnen som har vore på streif i Sogn og Fjordane. I alt har bamsen drepe 15 sauer ulike stader i fylket. 

Ettersøkshund

Lensmann Asle Karoliussen seier dei tek meldinga alvorleg.

- Er dette ei fiktiv melding er det alvorleg og straffbart. Er det ei reell melding er det også alvorleg fordi ein skadeskoten bjørn er farleg, seier han.  

Men han opplyser at dei no avhøyrer ein mann som mistenkjer var mannen bak den anonyme telefonmeldinga. Karoliussen vil ikkje gå ut med detaljar før det er klarlagt fakta i saka.

Ein spesialtrena jeger samt sporhund skal hjelpe til i søket etter bjørnen i Jostedalen.  

Krundalen