Hopp til innhold

- Overvektige må betale meir

Bistands-entreprenør Ole Stenbakk meiner flyselskapa straffar tynne flypassasjerar.

Fly og passasjerar

- Overvektige flypassasjerar bør betale meir, meiner Ole Stenbakk i eit lesarinnlegg. Arkivfoto.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

I eit lesarinnlegg i Firdaposten , tek Stenbakk til orde for å innføre ei snittvekt for flypassasjerar og å vege alle flypassasjerar før dei går ombord i flyet.

- Rettferdig?

Sunnfjordingen meiner at passasjerane som tilfører flyet mest vekt, må betale ekstra for det. I lesarinnlegget samanliknar han vekta som ein person på 60 kilo og ein person på 110 kilo vil tilføre flyet med all lovleg bagasje. Han meiner det er feil at passasjerar med låg kroppsvekt må betale overvekt for bagasjen, medan overvektige slepp å betale ekstra sjølv om dei tilfører flyet langt meir vekt.

- Er dette rettferdig? At dei som er tynne skal straffast, sjølv om det er dei som tilfører flyet desidert mest vekt må betale, undrar han.

Snittvekt på 100 kilo

Stenbakk viser til at flyselskap er strenge på overvekt på bagasjen til passasjerane.

- Største problemet for selskapa er ikkje den konstruksjonsmessige vekta, men dei variable vektene, for dei kan dei ikkje kontrollere, skriv han og oppmodar flyselskap om å innføre ei snittvekt på til dømes 100 kilo - og å vege alle passasjerar inklusiv bagasje før ombordstigning. Han meiner det gir ein tryggare flytur.

- Diskrimerande

Fungerande leiar i Landsforeningen for Overvektige, Per Anders Møller Axelsen, er ikkje overraska over innspelet. Han seier dette er innspel som kjem med jamne mellomrom og tek avstand frå det. Axelsen skildrar framlegget som diskriminerande og ekskluderande.

- I utgangspunktet er ein menneske uansett kor stor ein er, og det må ein respektere, seier han.

Får ekstra sete

Axelsen seier foreininga jobbar i motsett retning og viser til Canada der overvektige får eit ekstra sete utan å måtte betale, dersom flysetet er for lite for dei.

- Dette meiner vi er vegen å gå fordi det er eit inkluderande samfunn. Den canadiske høgsterett har slått fast at det gjeld også for folk med anna form for funksjonshemming, seier han.

- Inkluderande samfunn

- Men har ikkje Stenbakk eit poeng med vekta passasjerane tilfører flyet?

- Joda, men ein kan ikkje byrje å sjå på kvar enkelt individ, korleis dei ser ut og kva funksjonshemming dei har, og korleis dei passar inn i samfunnet. Vi må ha eit inkluderande samfunn det er plass til alle og der alle har like mogelegheiter, seier han.

- For lite kjennskap

Axelsen meiner slike innlegg i debatten ofte blir sett fram i lys av lite kjennskap til problematikken kring folk med høg vekt.

- At dette er noko ein langt på veg har ansvar for sjølv, at det er berre å ta seg saman, ete mindre og vere meir i rørsle så blir dei feite som alle andre. Ein skal ikkje fråskrive ansvaret for vekta ein har, men å gjere det så enkelt, det går ikkje. Det å kontrollere vekta si, er betrakteleg meir komplisert enn berre å ete mindre og bevege seg meir, seier han.