Hopp til innhold

Trykkbølgje feia buss av vegen

19 personar var innsperra i buss etter at trykkbølgje feia bussen av vegen i Våtedalen.

Maria Berglund

HYSTERI: Maria Berglund fortel om panikk blant dei 17 som sat ombord i bussen då den blei blåst av vegen.

Foto: Aadne Gloppestad, Firda Tidend

Ein buss vart like før klokka 13 treft av trykkbølgja frå eit snøskred på E39 i Våtedalen mellom Gloppen og Jølster tysdag. Bussen vart kasta rundt ti meter ut i i snøen ved sidan vegen.

- Dundra snø over alt

Det var 17 passasjerar og to sjåførar i bussen som tilhøyrer Fjord1 Buss Møre. Sjåføren køyrer for Fjord1 Sogn Billag. Bussen var på veg frå Bergen til Ålesund då den vart treft av trykkbølgja i Våtedalen.

- Mange av oss halvsov i bussen og plutseleg dundra det snø og vind over alt. Det ser ut som om vi er tekne av trykkbølgja frå eit ras. Vi kom ikkje midt i det. No ligg bussen halvveges nede i snøen på sida av vegen, fortel ein av passasjerane, Maria Berglund.

Les: Innestengde i eit kvarter

Bussjåfør Morten Lægreid var medsjåfør på turen, og han fortel at det var tendensar til panikk dei første minutta. Høyr : Bussjåfør Morten Lægreid

Høyr: Busspassasjer Gerd Halkjelsvik

(artikkelen held fram under biletet)

Buss teken av trykkbølgje

Bergingsmannskap er inne i bussen og kontrollerer at alt står bra til med dei kring 20 busspassasjerane.

Foto: Maria Berglund

- Var litt hysteri

Skredet som gjekk på motsett side av dalen var ikkje spesielt stort, men trykkbølgja var så kraftig at den blåste bussen av vegen. Bussen vart liggjande delvis på sida utanfor vegbana. Berglund fortel at sjåføren kjempa imot vindkreftene før bussen til slutt måtte gje tapt.

- Vi skjønte ikkje heilt kva som skjedde, men det gjekk ikkje så veldig mange sekund før skjønte at var snøskred. Det var litt hysteri bakerst i bussen i byrjinga, fortel Berglund.

- Det er stilt og fredeleg no. Vi ligg som sagt halvveges begravd på sida. Vegen er ikkje stengd, fortel Berglund.

Får tilbod om legesjekk

Buss teken av ras i Våtedalen.
Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

- Ingen av passasjerane vart skadde, men samtlege er no sende vidare med ein ny buss. Dei får tilbod om legesjekk og krisehjelp på Sandane. Ingen er fysiske skadde og alle var ved godt mot då dei kom inn i den nye bussen, opplyser politibetjent og innsatsleiar Torbjørn Sælen.

- Redningsarbeidet gjekk greit, men det var litt problem i starten på grunn av at bussen låg litt på sida og snøen stengde for dørene. Det var problem å få opna dørene, men etter kvart fekk vi opna den bakerste døra og fekk evakuert passasjerane, seier Sælen.

E39 kan verte stengd

I 14.30-tida tysdag var ein redningsbil på veg til ulukkesstaden for å dra bussen oppatt av grøfta.

- E39 kan verte stengd i korte periodar i samband med bergingsarbeidet, opplyser Sælen til NRK Sogn og Fjordane.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.